«Korleis skal vi oppretthalde forståinga for lesing og skriving som ein måte å tenke på?»

– Den største utfordringa er likevel verken KI eller rammevilkår, men kampen om folk si merksemd, seier påtroppande leiar i DnF, Bjørn Vatne, til Norsk Forfattersentrum.

Norsk forfattersentrum har publisert eit lengre intervju med påtroppande leiar i DnF, Bjørn Vatne, der han mellom anna fortel om sin eigen litterære metode:

– Eg har lagt meg til ein vane der eg prøver å jobbe minst mogleg lukka, og tenke minst mogleg på korleis resultatet skal bli. I den førre romanen min var plutseleg kommunesamanslåing ein viktig del av teksten, utan at eg var så veldig interessert i det i utgangspunktet. Eg kallar det «Full mann»-metoden. Eg skriv om det eg finn i lommene dagen derpå.

Om kva det har betydd for han å bli tildelt stipend i løpet av forfattarkarrieren, seier han:

– Eg har fått Statens kunstnarstipend. Og det har betydd alt! Utan stipend hadde eg aldri tatt den risikoen eg har tatt. Både kunstnarisk, men også når det kjem til å skrive på heiltid. Eit stipend er også litt som den no nedlagde gaveforsterkingsordninga: På grunn av arrangement og oppdrag eg får fordi eg tørr å ta sjansar og kan seie ja til det eg blir spurd om, tener eg dobbelt så mykje som det eg får i stipend på å ha stipend. Ved å kunne vere forfattar på heiltid signaliserer eg til verda at det er dette eg gjer: Eg er forfattar, og eg har tid til å stille opp og prøver gjerne ut nye ting.

Saka går også inn på debatten den siste tida om oppnemningsretten, og Vatne seier at han som leiar i DnF vil gjera det han kan for at dei som vil sitja i komiteen som deler ut kunstnarstipend «skal jobbe ut frå eitt kriterium aleine: Kvalitet».

Vatne peikar på andre saker som vil vera viktige for foreininga framover, mellom anna sosiale rettar for kunstnarar og kunstig intelligens.

– Den største utfordringa er likevel verken KI eller rammevilkår, men kampen om folk si merksemd, avsluttar han. – Korleis skal vi oppretthalde forståinga for lesing og skriving som ein måte å tenke på? Oppretthalde respekten for dei lange tankeprosessane, og det å kunne stable eit skikkeleg argument på beina. Og kven skal vi eigentleg kjempe mot? Må kvar enkelt løyse det for seg?

Det er i alle fall lov å håpe på at mange samtidig oppdagar at vi er i ferd med å miste oss sjølv litt, og at det å lese bøker er medisin mot veldig mykje av det vi slit med: Manglande læring, dårleg konsentrasjon osv. Vi må ikkje gløyme at lesinga er den aller beste motgifta mot dette!