Kritikarane Kvalshaug vs Krøger

Måndag denne veka publiserte Dagbladet den første meldinga av "Heimdal, California" av John Erik Riley. Cathrine Krøger slakta den. Meldar i Aftenposten, Vidar Kvalshaug, kalla…

2xkritikere

Måndag denne veka publiserte Dagbladet den første meldinga av "Heimdal, California" av John Erik Riley. Cathrine Krøger slakta den. Meldar i Aftenposten, Vidar Kvalshaug, kalla den same boka "den største historia som er skrevet på norsk i min levetid". Dette er bare ein av mange, liknande ordskifte i den litterære offentlegheita.

<!–break–>  

I første halvdelen av veka var det mottakinga som blei diskutert: http://www.forfatterforeningen.no/artikkel/fra-slakt-til-skamros.  Frå og med i går kveld, onsdag, begynte ein å diskutere boka. Då hadde fleire av brukarane på sosiale medium sjølv kjøpt og begynt å lese boka. Vi vil gjerne snakke med meldarane om meldaren sin rolle i det litterære ordskiftet. For orden skuld tar vi utgangspunkt i "Heimdal, California" når vi no snakkar med Krøger og Kvalshaug. 

Cathrine Krøger

Cathrine Krøger står på ein togperrong på Oslo S når vi snakkar med henne, over telefon. Krøger, som melder bøker for Dagbladet, har vore sentral i fleire debattar omkring bokmelderi dei siste åra. No sist gav ho John Erik Rileys siste bok, "Heimdal, California", streng kritikk. :

– Korleis kunne meldinga di bli så ulik Kvalshaug?

– Eg må bare stole på min eigen lesning av "Heimdal, California". Det er ei bok som er veldig avhengig av at lesaren stolar på fortellarstemma. Eg gjer ikkje det, og får ikkje tillit til fortellaren. Det er opebart at Kvalshaug gjer det.

– Kva tenkjer du om habilitet og litteraturmelderi?

– Norge er eit lite land. Nokre gonger må eg sjølvsagt melde bøker kor eg er i nærleiken av grensa for inhabilitet. Men keisamt nok, for forfattarane, reagerar eg då med å bli meir streng enn eg elles ville ha vore. Men Dagbladet er veldig streng på det som har å gjere med habilitet. 

Sidan vi snakkar om Rileys siste bok: Spriket mellom Kvalshaug og deg var påfallande stort. Kva gjer dette med det offentlege ordskiftet om litteratur?

– Det er uheldig. Når det skjer slikt som med "Heimdal, California", blir det snakka om synsing frå meldarane sin side.

– Kva er metoden din som litteraturmeldar?

-Eg kan seie noko om bakgrunnen min: Eg har jobba som bokmeldar i tjue år. Samtidig har eg tatt hovudfag i litteratur, og har difor lese veldig mykje litteratur. Difor kan eg skilje det som er solid litteratur frå det som er herming, til dømes. Men eg er overtydd om at det finnst nokre kriterium for litterær kvalitet. 

– Kva er kriteria? 

-Grovt sagt kan ein snakke om to typar litteratur: Den reine underhaldningsromanen  skal ha driv og spenning. Då skal ikkje krava til språkleg orginalitet vere så høge. Men så er det bøker som Rileys siste. Den legg opp til ei anna lesing. Det som legg slike føringer på lesinga, er mellom anna storleiken på boka, omfanget av den, og dei språklege eksperimenta, som oppramsing av ord og språkleg jåleri. Språket står på mange måtar i fokus. Då må språket også framstå autentisk, seier Krøger, og legg til:

– Men om du er ute etter tommelfingerreglar når det gjeld bokmelderi, så kan eg seie dette: Forfatteri er eit handtverk, på same måte som snekring, til dømes. Ein snekkar veit kva som skal til for å bygge eit hus som held. Det veit eg ikkje noko om. Men eg veit noko om kva som held litteratur oppe. Eg tykte at "Heimdal, California" ramla saman, og meiner sjølv at eg argumenterte godt, i meldinga mi, om kvifor det gjorde det.

– Eg håpar at dei andre meldingane blir meir nyanserte og balanserte. For jau, eg har vel ein tendens til å legge litt ekstra i når eg les noko som eg absolutt ikkje likar. Og særleg sia boka er så tjukk. Og særleg sia boka er så tjukk. Omforfatteren krev mykje av lesaren, må vi kunne forvente at han gir noko att, seier Krøger.

– Den skal rettferdiggjere plassen som den tar, kanskje? Kva tykkjer du er bokmeldaren sin plass i den litterære ålementa? 

– Kunstmelderiet er særskilt i høve andre fagområde. Når ein medisinar eller arkitekt uttalar seg om kva som er kvalitet eller ikkje på feltet hans, så blir han lytta til. I dei fine kunstartane er det ikkje lov tilå uttale seg om kvalitet. Då blir ein kalla snobbete, seier Krøger, før ho må skundte seg for å rekke toget til Larvik. Der skal ho snakke om litteratur på ein vidaregåande skule.

Vidar Kvalshaug 

Forfattar og bokmeldar Vidar Kvalshaug er óg på tur når vi snakkar med han på telefon. Han kjører bil langs E6 på veg mot Lillehammer.

– Cathrine Krøger trur ikkje på fortellarstemma i "Heimdal, California", og seier at du openbart gjer det. Sant?

– Heilt sant! Eg kjøper fortellarstemma i den boka.

Kva gjer det med litteraturdebatten, at resepsjonen er så polariser?

– Det må seiast at dette er ein litt ekstrem situasjon. At det kjem så ulike meldinger i løpet av to dagar, er ein litt særskilt situasjon. Eg trur ikkje at det er eit problem for eit såpass stort verk at resepsjonen har vore så ekstrem. Det som vi ser i dag, er ein demokratisering når det gjeld samtala om bøker. Uttrykk for dette, er at ein snakkar om bøker på radio, i Bokprogrammet, og i hundrevis av bloggar. Det vil alltid vere like mange meininger om bøker, som det er bokmeldarar. 

– Men det er vel forskjell på "boksnakk" som ein gjer i bloggar, og meldingar, og på bokmelding og synsing?

– Absolutt! Knut Olav Åmås hadde ikkje ringt til meg om det var synsing han ønska seg frå meldarkorpsetsitt. Då hadde han heller ringt Snåsamannen! Bokmelderi skal vere kvalifisert lesning basert på erfaring. Sjølv har eg også erfaring frå den andre sia av bordet, som ein som skriv. Det kjem godt med. 

Kva er metoden din, som bokmeldar? 

I dette tilfellet gav eg boka ei veke. Eg sette meg ned med ope sinn, og las gjennom den ein gong. Det var noko av det største eg hadde lest. Der var vilje til store tankar, som dei sa, Jonas Wergeland og Jan Kjærstad, i programmet med same tittel. Eg tenkte at det måtte vere noko å ta forfattaren for, og jekke han ned. Eg gjekk gjennom med lupe. Denne boka har fått ein grundig og kritisk lesning frå meg.

– Kva rolle har bokmeldaren?

– Han skal vere ein ukorrupt, påliteleg stemme som vurderar litteratur utan å skjele til andre folk sine meininger, eller trykk frå marknad og forlaga sine lanseringstiltak. Meldaren skal vere ein krigar på den litterære kvaliteten sine vegne, og påpeike kvalitet og mangel på kvalitet, og gi grunnar for meiningene sine. 

– Apropos korrupsjon: Kor går grensa di for inhabilitet?

Den går når ein inviterar kvarandre til private middagsselskap, seier Kvalshaug med noko som høyres ut som eit smil. Han legg til: 

– Eg melder ikkje bøker frå Kagge. I alle fall ikkje før om eit år. Om eg er i tvil om eg står forfattaren for nært, så diskuterar eg saka med Aftenposten. 

– Kva ønsker du deg for litteraturdebatten i framtida?

– At den blir mangfaldig og frodig.  

(Tekst: Mette Karlsvik)