Kva er det som ruslar i meg og vekkjer orda?

Det er ikkje så lett å få med seg den eksakte ordlyden frå opplesinga, men musikken av teksten, han får eg med. Og det syng…

© Mette Karlsvik (2011) (Tomas Espedal mottar Brageprisen for 2011)

Det er ikkje så lett å få med seg den eksakte ordlyden frå opplesinga, men musikken av teksten, han får eg med. Og det syng i den brageprisnominerte romanen til Vaage.

Og det sjølv midt på dagen, på den tida når mange førebur middag, og radioen står på kulturflata til NRK: Kulturhuset presenterar dei nominerte til Brageprisen; ein forfattar i kvart hus. DnF-meldemmar er i år nominerte i alle klassar, og ikkje bare i kategorien for skjønnlitteratur for vaksne. Lista over nominerte til årets Brageprisar viser talentmangfaldet hos dei norske forfattarane. Nemnte Vaage er ikkje bare romanforfattar, men også kjent som dramatikar og poet. Blant kvalitetane i den nominerte romanen, skal vere poesien. Poet og romanforfattar er også Geir Gulliksen. Han er i år nominert med ei barnebok. Også Gaute Heivoll, som i sin tid vann Brageprisen for Til jeg brenner ned, er òg nominert med barnebok. I klassen for sakprosa har ein DnF-medlemmane Tor Eystein Øverås og Aage Storm Borchgrevink.

Og i NRK presenterar dei altså for tida dei nominerte. Tida dei gjer det, er i rommet mellom nominasjonane og utdelinga. Og stasbygget for den høgtidelege seremonien er igjen Gamle Logen ved Akershus Festning.