Kva er ein forfattar?

– Spørsmålet er ikkje så mykje om han er forfattar, men på kva måte han skal fortsette som forfattar, begynner Poul Berendts i Dansk Radios…

– Spørsmålet er ikkje så mykje om han er forfattar, men på kva måte han skal fortsette som forfattar, begynner Poul Berendts i Dansk Radios Skønlitteratur i P1. Det handlar om avslutninga av Karl Ove Knausgårds Min Kamp:

– Han skriv at han ikkje lenger er forfattar. Men han held fram med å uttale seg om forfattarskapen sin; om Min Kamp, no sist om ei oversetting av bøkene. Det einaste som er sikkert, er at det neste litterære prosjektet hans må vere skrive i tredjeperson, seier Berendt.
Kva er eigentleg ein forfattar? Spørsmålet ligg til grunnen for mange av sakene frå nettsida til DnF dette året. Før og under årsmøtet handla det om forholdet mellom forfattaren og forlaget; ein dynamikk som kan forme forfattarskap. Korleis forlaget tek vare på forfattaren er med på å definere rolla.
Vi har snakka om forfattarrolla og litteraturens natur med Det litterære råd, og med Stortingets Kulturkomité om forfattarens plass i Noreg. Sjølv i Reykjavik har vi vore, og sett på korleis forfattaren er ein verksam borgar i samfunnet. Støtt og stadig henvendt til, og spurd om å uttale seg i saker av allmenn interesse.
Kva kjem ein så fram til: Kva er ein forfattar? Dansk Radio gir eit anslag av eit svar i programmet Hans kamp er slut; ein av fleire halvtimar som dei har brukt på romanprosjektet til Knausgård: Attende til då den første boka av seksbindverket kom i Noreg. Dei fleste norske journalistar fekk ikkje prate med Knausgård. Men Nanna Mogensen frå DR fekk komme heilt inn i huset hans i Malmø. Det var endåtil midt på dagen, midt i ei skrivestund. Mogensen kom litt tidleg, og overraska forfattaren midt i skrivinga. Men komme inn fekk ho etterkvart. Opptakaren på frå første stund, gav han eit opehjartlig intervju der han mellom anna snakka om forholdet til Noreg og litteraturmiljøet i landet. Om eit vanskeleg forhold til dette miljøet. Til Danmark kom han også som gjest på litteraturarrangement. Det Kongelige Bibliotek i København, Louisiana Literature og Litteratur på Møen fekk besøk av forfattaren i år. DR har fulgt opp både ved arrangement og utgivingar; ved dei norske lanseringane, og lanseringane av omsetjingar til dansk. Det er danske Sara Koch som har omsett. Ho har vitja byane der Knausgård har budd for, som ho seier, å få ein helskapeleg forståing og kjensle for teksten og forfattaren. Konklusjonen hennar: i eit sjølvbiografisk prosjekt er forfattarskapen også plassane der han har budd, folka han har møtt, erfaringane han har gjort seg. Konklusjonen vår: Det kan sjå ut som om Knausgård har vore meir open ovanfor danske medier, og kanskje svenske, enn dei norske.