Aktuelt

Kva er Fabelaktig Formidling?

DnF er med i, eller samarbeider med organisasjonar som NORLA, Kopinor, Norwaco og mange fleire. Men kven er desse organisasjonane, og kva er forholdet mellom…

menu-logo

DnF er med i, eller samarbeider med organisasjonar som NORLA, Kopinor, Norwaco og mange fleire. Men kven er desse organisasjonane, og kva er forholdet mellom dei – og DnF? Og korleis halde tunga rett i munnen, når ein nemner NFF, NFFO, NFOR og NFOF? I ein serie ser vi på organisasjonar som DnF samarbeider med eller på andre måtar har kontakt med. I dag får du ikkje berre informasjon om ein viktig samarbeidspartnar for Forfatterforeningen. Du finn også ein ressursbank for alle som driv med formidling i skrift, tale, i alle kunstformar, eller som pedagogar: 

Fabelaktig Formidling er ein plass å lære om gode formidlarar, og til å hente tips om det å formidle. Det er ein nettstad med ein liten redaksjon, og ein eigar som formidlar denne formidlinga på fysiske arenaer. Eigaren er Kopinor. Kopinor er ein viktig organisasjon for alle norske kunstnarar. Den inngår avtalar om kopiering og annan bruk av andsverk på vegne av kunstnarane, og andre opphavsmann og utgjevarar. Vederlaget blir fordelt til rettigheitshavarane. 

Fabelaktig Formidling er altså under Kopinor, og er starta for å vere ein lærarportal. Den kan hjelpe lærarar til å bli betre formidlarar – gjennom å inspirere. Lærarar er jo av dei som sjølv skal formidle og inspirere godt. Men sjølv om fokuset er på skule og undervisning, på engasjerte lærarar, presenterer nettsidene forfattarar som Marit Kaldhol og Herbjørg Wassmo, slampoetar som Taro Vestøl Cooper, og musikarar, fotballheltar, skodespelarar, operaframsyningar.