Kven skapar litteraturen?

Fastpris på bøker gir forfattarane eit føreseieleg royaltygrunnlag i ein forfattarøkonomi som gjerne har store variasjonar. Som andre råvareprodusentar vil også forfattarane best kunne produsere…

fjaerpenn

Fastpris på bøker gir forfattarane eit føreseieleg royaltygrunnlag i ein forfattarøkonomi som gjerne har store variasjonar. Som andre råvareprodusentar vil også forfattarane best kunne produsere når vi har råd til å produsere. Som Skaug og Halsos er klar over, skil bøker seg frå ein del andre varer, i og med at kundane forventar å møte kanskje 5000-10000 ulike bøker når dei går inn i ein bokhandel i gata eller på nett. For å få til dette  treng ein nokre tusen forfattarar. Altså må dei ha økonomisk høve til å skrive desse bøkene.

 

Får vi ein friprismarknad for bøker i Noreg, eller frivillig fastpris, vil vi forfattarar miste royaltygrunnlaget vårt . Da fryktar vi at royalty skal reknast ut frå det bokhandelen betalar forlaget for boka. Altså vil Cappelen Damms forhandlingar med Tanum avgjere kva forfattaren skal sitte igjen med. Truleg blir det for mange mindre enn i dag per selde bok.

 

Fastpris gjer at dei som sel nye bøker, må konkurrere på andre ting enn pris, altså service, utval, formidling, tilgang til bøker osv., slik dei gode bokhandlane gjer i dag. Hadde det vore fripris på alle eller delar av dei nye bøkene, ville det oppstått prisdumping av eit lite tal bestselgjande bøker, t.d. i dagligvarehandelen. Den fullassorterte bokhandelen ville ikkje kunne konkurrere med bestselgjarprisane til ICA og Rimi.  Dei vil miste den delen av boksalet dei tener mest på.  Mange av dei fullassorterte bokhandlane vil forsvinne. Ein større del av boksalet ville dreie seg over til eit fåtal bestselgjande titlar. Når store delar av litteraturen får mindre merksemd og sal,  gir det dårlegare økonomi for forlag som blir rekna som breiddeforlag.  Det gir dårlegare økonomi for forfattarane. Det vil gå ut over kva forfattarar skriv, forlag gir ut og kva lesarane får tilbod om. Nokon hevdar bokprisane blir lægre, men det er berre på eit lite utval av bestselgjande bøker. Alt tyder på at gjennomsnittleg bokpris blir på same nivå eller går opp når ein går frå fast- til fripris.

 

Dei som argumenterer for fripris eller for frivillig fastpris, argumenterer for lønnskutt og meir usikker økonomi for dei fleste forfattarar, og for at færre stemmer skal kome til orde gjennom litteraturen. Om dei verkeleg meiner at dét er til det beste for det norske samfunn, så er det ei ærleg sak, men vi fryktar at standpunktet kjem av at dei ikkje har sett seg inn i kva konsekvensar deira draumemarknad for bøker vil ha for forfattarane og lesarane. Slik Halsos og Skaug rettar blikket mot forlag og bokhandel utan tanke på korleis bøkene kom dit. Dei seier sjølv at for samfunnsøkonomar er utforming av verkemiddel enkelt på papiret. Og eg seier meg samd i det.  Dette blir for enkelt. Nokon skal skrive bøkene før dei blir selt.