Kven var Alfred Nobel?

Nobelprisar skal gå til dei mest dedikerte og geniale blant oss. Jean-Paul Sartre var innstilt til prisen, men sa han frå seg. I fjor gjekk…

Faksimile frå VG 1946

Nobelprisar skal gå til dei mest dedikerte og geniale blant oss.

Jean-Paul Sartre var innstilt til prisen, men sa han frå seg. I fjor gjekk han til Thomas Tranströmer, og i år gissar folk på vinnarar som Milan Kundera, Yaşar Kemal, Haruki Murakami, og ein av dei som hadde gode odds i fjor, Ngũgĩ wa Thiong'o. Kven som får årets nobelpris i litteratur blir gjort allment i morgon, 11/10.

Mange veit meir om dei nominerte enn om Alfred Bernhard Nobel (21/10 1833 – 10/12 1896). Det er tilnærma uendelege treff på namnet hans i søkjemotorar på nett. Men nye, artige fakta om han er vanskelege å finne jo nærmare ein kjem notida. Han var svensk, fann opp dynamitten, og skipa i 1895 Nobelfondet til fremmig av litteratur og vitskap. Han fastsette då òg fredsprisen.

Fred og dynamitt skal ha noko med kvarandre å gjere: Det står i VG frå august 1946: Det er truleg rett som ein utanlands pressemann nyss sa til Verdens Gang, at Nobel meinte at dynamitt ville gjere krig umuleg.

Artiklane om Nobel var fleirfaldige dei åra: 1945 var 50-årsjubileum for prisen. Året etter byrja innspelinga av ein film om Nobel. Paul Muni skulle spele Nobel, og går inn for oppgaven med liv og sjel; i så stor grad, skriv telegrambyråa, at Hans kone beklager seg over at "hans mann lever med den svensken" når bekjente spør om hvordan det går med henne. Og han svensken er det lett å beundre, kanskje endåtil bli noko avundsjuk på. Han skal ha vore mykje sjuk som born, og hadde døden heile tida for auge (VG 11/12 1950). Men sjukdom til tross skal han ha hatt ein eigedomleg energi og lange arbeidsdagar. Men likevel: Nobel hadde ikkje høgare utdanning. Han blei likevel tatt opp i Royal Academy of Swedish Scientists. Han skreiv poesi på engelsk, og snakka svensk, fransk, russisk, engelsk, tysk og italiensk. Han budde i fleire av dei store, europeiske byane, og hadde ein bustad i Paris.