Kven var Brage?

Brageprisen blir kvart år gitt ut av Den norske Forleggerforening, og er kalla opp etter den norrøne guden med same namn: Brage var guden for diktning og skaldekunst,…

brage_wahlbom

Brageprisen blir kvart år gitt ut av Den norske Forleggerforening, og er kalla opp etter den norrøne guden med same namn: Brage var guden for diktning og skaldekunst, og var kjøkkensjef i Valhall. Han opptrer ikkje så ofte i mytologien. Ein teori er at Brage er ein av dei mange formane som Odin kunne ta. Men kan ein óg tenkje at det var Brage som skreiv mytene ned? Slik kan ein spekulere. Men sikkert er det at Brage var son av Odin, at han var ein av dei modigaste;

at det var han som sa rett ut til Loke at han var uønska i eit selskap:

Var eg utanfor,
Æges-halli
so nær deg som no:
hovudet ditt
eg i handi mi bar;

då læta du fekk for di lygn. Brage skal elles ha vore opphavet til ord som bragd og gitt namn til eit oljefelt i Nordsjøen, eit fotballag,

hunden til forfattaren Hilde Myklebust

og eit forskningsprosjekt som skal gjere det muleg

å snakke dialekt til kjøleskapet sitt.