Kvifor melde seg på DnFs årsmøte #2

  Bilde: Hilde Myklebust (t.v) og Øystein Vidnes under halvårsmøtet til DnF 2010) HM = Hilde MyklebustMK = artikkelforfattaren MK: … og for det andre?HM:…

 

Bilde: Hilde Myklebust (t.v) og Øystein Vidnes under halvårsmøtet til DnF 2010)

HM = Hilde Myklebust
MK = artikkelforfattaren

MK: … og for det andre?
HM: For det andre kjennest det viktig for meg som bur ganske skjerma oppi ein fjelldal på Sunnmøre å innimellom treffe folk som driv med det same som meg, og slik få inspirasjon til vidare arbeid frå framifrå kollegar og kjenne seg som ein del av forfattarstanden her til lands.
For det tredje brukar musikken utpå kvelden å vere av ein slik karakter at ein vert sugd mot dansegolvet.
For det fjerde er det fint å gråte ein skvett og klappe begeistra når Debutantprisen og Ytringsfrihetsprisen vert delt ut.
For det femte er Forfattarforeninga viktig for kvar av ein som har kasta oss ut i dette til tider svært uforutseielege og brokete yrket som det å vere forfattar er.
For det sjette er det lærerikt. På så mange vis.
Og så bortetter.
MK: Musikken; Creedence-svisker og Eagels, det er vanskeleg å halde seg vekke frå dansegolvet då. Og sidan, om søndagen, blir det val. Det har vore eit år kor stipendpolitikk og Det litterære råd har vore mykej eksponert og snakka om. Fem av ni medlemmar i DLR skal bytast ut i år, og to frå styret i DnF. Skal du bruke røysteretten din?
HM: Sjølvsagt.
MK: Skal du speeddate med bokhandlarar under møtet? 
HM: Alltid denne konflikta mellom kva ein bør og kva ein tør.
MK: Kven av kollegaene dine vil du oppmoe om å melde seg på i aller siste liten, og til å komme?
HM: Kva, er det nokon som ikkje har meldt seg på?!

MK: Eg trur at det er eit par-tre som ikkje har gjort enno, eller noko slikt, eg hugsar ikkje talet. Men eg har også høyrt at dei kan klare å melde seg på, om dei fortar seg, sjølv om fristen gjekk ut i dag. Men du, du har heldigvis vore trufast deltakar kvart år sidan du blei medlem i rørsla. Kva er ditt klåraste minne frå tidlegare møte?
HM: Å få sitje saman med Jo Eggen ved middagsbordet på mitt aller fyrste årsmøte.  
MK: Kva reiselektyre vil du velje til turen?
HM: Nokre hageblad.
MK: Kven trur du at skal ha nachspielet i år?
HM: Vel, eg kjenner eit visst press. Men eg trur likevel at Henning Bergsvåg er best skikka.