Kvifor melde seg på DnFs årsmøte #3

  HD = Hildegunn DaleMK = artikkelforfattarenMK: Har du andre grunnar til å komme?HD: Årsmøte er også eit høve til å møte menneska bak ulike…

 Hildegunn Dale (foto: Tove K. Breistein)

HD = Hildegunn Dale
MK = artikkelforfattaren
MK: Har du andre grunnar til å komme?
HD: Årsmøte er også eit høve til å møte menneska bak ulike forfattarskap eg har lese, eller nettopp her, får lyst å lese. Alt er lagt til rette for ei strålande helg med blant anna forfattar foredrag, diskusjonar, gruppearbeid, fest røyking på verandaen og tre retters middag. Eg reiser allerede torsdag for å nyte våren i Oslo og besøke søskenbarnet mitt på Grunerløkka.
MK: Du reiser langt for å komme. Kvifor synes du det er viktig å ta reisa?
HD: Eg skal sitje på toget i seks timar, over kvitkledde fjell. Lese og skrive, og ta tilbake den sakte tida: Det i seg sjølv er grunn god nok, dessutan skal eg ta toget saman med Henning, noko som lovar godt for den litterære tog – samtala. Noko av det fine med årsmøte er at det samlar folk på tvers av landsdelane, byar og distrikt, noko som gjev dei ulike stadane ei stemme på møte.
MK: Kva reiselektyre vil du velje til turen?
HD: Skal sjå om dei har danske Josefine Klougart sin nye roman ”En af os sover” på biblioteket (viss den ikkje er for tung). Eg pleier å handle siste Vagant til årsmøtereisa: Det støtter opp under ei kjensle av å vere på veg. Fint å hoppe ut og inn av det og ha med eige arbeid
MK: Skal du bruke røysteretten din?
HD: Det er klart.
MK: Skal du speeddate med bokhandlarar?
HD: Jaa…
MK: Kva forventningar har du til det?
HD: Eg har ingen forventningar, eg har ei diktbok og veit enno ikkje korleis eg skal presentere den på ein god måte over tre minutt, det heile er litt skummelt og trur ikkje datinga vil gjere noko forskjell I bokhandlarane si handtering av mi bok, eller av poesi generelt.

MK: Kven av kollegaene vil du oppfordre til å melde seg på i aller siste liten, og til å komme?
HD: Alle som no kjenner ei lyst, men av ein eller annan grunn har lete påmeldinga gli forbi. Hadde vore kjekt å sjå fleire kollegaer frå Bergen her og.
MK: Du har vore på årsmøte før. Kva er ditt klåraste minne frå tidlegare møte?
HD: Minnast klårt Brit Bildøen sitt flotte forfattar foredrag om pengar, og at Tomas Espedal med sitt foredrag gjorde meg stolt over å vere frå Bergens delegasjonen.
MK: Kven trur du skal ha nachspielet i år?
HD: Den som trekk det korte strået, eller let seg rive med av det openbare behovet for å fortsetje festen: Eg hadde nachspielet i fjor, men omkostningane for mini- bar rekninga, evt. ved å sitje oppå minibaren som ein festning, tilseier at dette bør gå på omgang.