Kvifor melde seg på DnFs årsmøte #6

… fordi du kan treffe Marit Kaldhol der. Og ho vil sjølv til årsmøtet først og framst for å halde kontakt med miljøet og følge…

… fordi du kan treffe Marit Kaldhol der. Og ho vil sjølv til årsmøtet først og framst for å halde kontakt med miljøet og følge med på kva som skjer.

Namn: Marit Kaldhol
Fødd: 1955, i Ålesund
Siste skjønnlitterære bok for vaksne: Blondene gir seg ikkje (2006)
Boka flest kjenner henne for: Farvel Rune (1986 (illustrert av Wenche Øien))

MeK: Du reiser langt for å komme. Kvifor synest du at det er viktig å ta reisa?
MaK: Har ofte eit dilemma: skal eg velge å delta på NBU sitt årsmøte eller på Dnf sitt? I år prøver eg å klare begge. Eg vil høyre til begge stader og vere orientert om aktuelle saker.

MeK: Kva reiselektyre vil du velje til turen?
MaK: Enkelt! Eg vil ta med det aller første heftet i den nye skriftserien til NBU, BU1201, som inneheld fine essays om norsk barnelitteratur. Hendig lommeformat, stilig oransje omslagsfarge og forfattarane som skriv er gro Dahle, Tor Eystein Øverås og Ragnar Hovland (midtsidedame). Teikna strekar av Øyvind Torseter. 60 små sider, perfekt for ei flyreise på 55 minutt.

MeK: Midtsidedame, du får forsøke å rive deg vekk frå han og lese litt også. Ikkje bare sjå! Og apropos lesing; det har vore eit år kor stipendpolitikk og Det litterære råd har vore mykej eksponert og snakka om. Fem av ni medlemmar i DLR skal bytast ut i år, og to frå styret i DnF. Skal du bruke røysteretten din?
MaK: Sjølvsagt!

MeK: Skal du speeddate?
MaK: Det skal eg også!

MeK: Kva forventningar har du til det?
MaK: Først og fremst nervøs. Kjem eg til å føle meg som Sigrid Bonde Tusvik eller som eit fjollete gudsord frå provinsen? Og kven er desse skumle bokhandlarane eg liksom skal sjarmere og selge meg til? Hjelp!

MeK: Om eg skjønnar kollega Helene Uri, som har vore med på dette sjølv, er det ikkje snakk om å selje seg til og sjarmere bokhandlarar. Det handlar visst meir om å informere om bøkene sine til folk som allereie er sjarmerte og selde. Men dette skal vi ta for oss i større djup i ei anna sak snart. No gjeld det å få etternølarar til å melde seg på sjølv om påmeldingsfristen er ute. (Jentene i administrasjonen er særs greie, det skulle vere muleg å overtale dei, om ein er greie attende til dei!) Kven av kollegaene dine vil du oppmoe om å melde seg på i aller siste liten, og til å komme?
MaK: Ein veldig hyggeleg fyr og fin poet som også bur i Ålesund, Jon Ståle Ritland. Håper du kjem, Jon Ståle! Og Rønnaug Kleiva, for då føler eg meg trygg.

MeK: Du har vore på årsmøter før. Kva er ditt klåraste minne frå tidlegare møte?
MaK: Er det meininga ein skal ha klåre minne? Nei, jo, eg har mange minne av ymse slag, men eignar dei seg på trykk? Her må eg be om betenkningstid…

MeK: Då spør eg deg igjen om eit par veker, i pausa før forfattarforedraget om laurdagen. Kven trur du at skal ha nachspielet i år?
MaK: Nachspiel trur eg ingenting om, det genet manglar eg visst.