Kvinnelege førebilete

Mor mi er på besøk i Oslo ho vil avgåre og sjå på ein statue. Mor mi har på mange måtar vore mitt kvinnelege førebilete….

© Cappelen Damm

Mor mi er på besøk i Oslo ho vil avgåre og sjå på ein statue.

Mor mi har på mange måtar vore mitt kvinnelege førebilete. Ho lærte meg uvurderlege ting som at eg måtte tru på meg sjølv, at potensialet mitt var uendeleg og  at eg kunne bli alt det eg ville. Dette viste seg sjølvsagt ikkje å stemma, men det var fint å høyra det likevel. Ein av mor mi sine kvinnelege førebilete var Camilla Collett. Frå eg var ganske liten fekk eg høyra om ho som med språkleg kraft ropte om rettferd ”Fra de Stummes Leir”. Det er 200 år sidan ho vart fødd, og 100 år sidan statsminister Gunnar Knudsen innførte allmenn stemmerett for kvinner. I dag på 8. Mars vil eg gjerna dela denne teksten som mor mi skreiv om Camilla Collett som kanskje var den viktigaste premissleverandøren for mange av dei synspunkta som førte norske kvinner til valurnene:

I det kjølege marsvěret står ei hutrande og vever kvinne på sokkelen sin i Slottsparken og dreg sjalet tettare ikring seg. Gustav Vigeland har kalla kunstverket sitt ”I storm”, og ein meir høveleg tittel kunne han knapt ha funne. For Camilla Collett måtte tola mange stormkast. Det å vilja endra kvinnerolla, krevja likeverd mellom kvinne og mann og hevda kvinna sin rett til å velja ektefelle av kjærleik, kosta kamp:

Camilla Collett

Du frys i dine sjal Camilla Collett

ein gong var du for varm

ein brennande rosebusk Norges Dæmring

vraka av skalden

gret

og vart langsamt omskapt til grantre

levde ditt hjarteliv

i den tempererte sone:

husvarmens høflege og trygge kompromiss

men kvitglødande

var dine skapingsstunder

i tapper kamp

mot det heilage allmenne kvinneburet

med kniplings-lenker tilslørte tankar

og stive korsett av normer og dyd

 

Du

søster av grunnloven

såg det: fridomen var berre for fedrar

og søner og brør

og du ropa til morgondagens døtrer

om rett til å velje sin veg

rett til å leve rødt

 

Var det eit rop i vind?

 

Du frys på din sokkel

ennå –

er ikkje istida slutt?

 

Diktet til Åse-Marie Nesse (1934-2001) gjev ei gripande skildring av kvinna på sokkelen i Slottsparken. Camilla Collett var dotter til Eidsvoll-mannen Nicolai Wergeland og syster til nasjonsbyggjaren Henrik.

Då ho i 1854/1855 skreiv ”Amtmandens Døtre”, skapte ho historie, for dette var den fyrste samfunnskritiske romanen i Noreg.  Ho kalla boka ”et Skrig, mitt Livs længe tilbageholdte”.

Feminisme for Camilla var å kjempa for kvinner sin rett til å velja livspartnar med hjarta.

Ho hadde sett mange jenter gå inn i kjærleikslause fornuftsekteskap, m.a. fekk to av systrene hennar ein slik lagnad som Sofie i ”Amtmandens Døtre” set ord på: «Vår bestemmelse er å giftes, ikke å bli lykkelige». Det at kvinner vart handla med på denne måten, eggja Camilla Collett til å engasjera seg sterkt for å auka sjølvrespekten til kvinner, gjera dei likeverdige med menn.

Camilla sin store kjærleik var Johan Sebastian Welhaven, men det vart Peter Jonas Collett ho gifte seg med. Breva frå Welhaven har ho samla i ”det sorte skrin”, og desse får ektemannen lesa. Han oppmodar henne til å skriva seg fri frå fortida og tungsinnet ved å bruka ”sorgkapitalen” i kista.

Ho fylgjer rådet hans, og den smertefulle prosessen forløyser kunstnaren i henne. I ”Amtmandens Døtre” lyftar ho fram både personlege og meir generelle kvinnerøynsler, og boka vekkjer stor oppsikt. Til no hadde menn framstilt kvinner som eindimensjonale og enkle, men gjennom Camilla Collett si dikting stig dei fram som komplekse og reflekterte medmenneske.

Peter Jonas Collett døyr før boka er ferdig. Han har vore Camilla sin beste ven, litterær konsulent, samtalepartnar og ikkje minst sjelesørgjar. Etter 10 års ekteskap vert ho åleine med fire born og får røyna at ”det blåser en kold vind mot enker i dette land”. 

Camilla hadde mykje å takka mannen sin for og synte det ved å dedisera heile forfattarskapen sin til hans minne. Han støtta og elska fram både den skjønnlitterære diktaren og den samfunnsengasjerte debattanten. Då ho var 63 år gamal, fekk ho endeleg kunstnarløn. Beløpet var halvparten av det dei mannlege kollegaene hennar mottok. Grunngjevinga for denne underlege praksisen var at kvinner åt så lite.

På 80 årsdagen, vart ho ført til bords av Henrik Ibsen. Det var ikkje få av stykka hans som romma kvinner med Camilla sine trekk. Utanfor huset hennar samla medsystre seg og takka for det ho hadde gjort for dei som forfattar og samfunnsdebattant. Då mørket fall helsa studentane henne med fakkeltog gjennom hovudstadsgatene.

Camillas sjeldne mot og store intellekt gjorde henne til ein einar i samtida. Alle kunne vera med og hylla henne, for det var kvinnene sitt likeverd ho hadde kjempa for, ikkje noko bestemt parti. Sjølv seier ho det slik: ”Mit ”Høire” og ”Venstre” heder Mand og Kvinde”.  

 

Mor mi er på besøk i Oslo ho vil avgåre og sjå på ein statue. (Selma Lønning Aarø)