La sin hand på festivalåpningen

– Oslo Poesifestival er kjenneteikna mellom anna av fleirmedial formidling av poesi. Vi har tradisjonelle diktopplesingar, men også samtalar, debattar og poesifilm, seier Birgit Hatlehol….

Henning Hagerup © Rolf M. Aagaard

– Oslo Poesifestival er kjenneteikna mellom anna av fleirmedial formidling av poesi. Vi har tradisjonelle diktopplesingar, men også samtalar, debattar og poesifilm, seier Birgit Hatlehol.

– Dei siste åra har vi dessutan kopla poetar og samtidskomponistar. I år har vi to urframføringar. Poesikonserten Stein til stein tek utgangspunkt i Jon Fosses diktsamling. Anne Marit Jacobsen, Helge Lien (piano) og Ruth Wilhelmine Meyer (vokal) deltek. Konserten Sirkelsalme er eit samarbeid mellom komponisten Maja S. K. Ratkje og poeten Monica Aasprong. Han tek utgangspunkt i ei reise Aasprong gjorde i Palestina og Israel: Den religiøse praksisen på kvar side av muren. Med på konserten er også den israelsk-svenske freds-aktivisten Dror Feiler, den palestinsk-svenske forfattaren Ghayath Almadhoun og den libanesisk-palestinsk-norske forfattaren Hanan Bakir. Det vil gå føre seg på både norsk, engelsk, tysk, hebraisk og arabisk.

– I år legg festivalen vekt på forfattarar som skriv på fleire enn eitt språk. Danske Naja Marie Aidt er frå Grønland og bur i USA, Valzhyna Mort skriv på kviterussisk og engelsk, og Aurélia Lassaque skriv på oksitansk (eit galloromansk språk) og fransk. Fleire stader skjer ei kreolisering av språket. I Noreg har vi forfattarane Øyvind Rimbereid, Erlend O. Nødtvedt og Cornelius Jakhelln som blandar språk. Eg trur -poesien er ein god stad for denne språkutvekslinga.

– Vi brukar å ha mellom 70 og 120 frammøtte på kvart arrangement. Det vi saknar, og som vi ikkje har råd til, er ein stor utandørsscene, der vi kan nå endå fleire. -Publikumsoppslutninga er likevel god, og i år har vi splitta opp festivalen i tre delar. Seinare i haust blir det Barnas poesidag, der barna skal få oppleve det poetiske i tilveret og bli introdusert for nye kunstuttrykk. Dei kjem også til å få lære salmar og folketonar som nesten er i ferd med å forsvinne. I tillegg arrangerer vi ein eigen filmpoesifestival.