Warning: mysqli_real_connect(): not found in /customers/2/6/4/czhnsdg2t/webroots/r1168646/wp/wp-includes/class-wpdb.php on line 1987 Leiar Stein Versto om arbeidet i Det litterære Råd - Den norske Forfatterforening

Leiar Stein Versto om arbeidet i Det litterære Råd

Stein Versto har sitte i Det litterære Råd i Den norske Forfatterforening sidan 2007, har vore leiar av det sidan 2009, og blir introdusert på…

Stein Versto har sitte i Det litterære Råd i Den norske Forfatterforening sidan 2007, har vore leiar av det sidan 2009, og blir introdusert på denne måten i nynorskleksikonet Allkunne: Stein Versto, kulturarbeidar og kunstnar med mangesidig aktivitet som forfattar, musikar, omsetjar og forlagsredaktør. Han debuterte skjønnlitterært i 1990 med novellesamlinga ”Ho blei borte i trappene”, og vann Tarjei Vesaas Debutantpris for boka. Sidan då har han gitt ut ei bok for kvart femte år, og har gjort seg bemerka som ein forfattar av tekstlyrikk. Visste du at det er han som har skrive tekst til Odd Nordstogas «Frøken Franzen»? Allkunne skildrar den musikalske forfattaren på denne måten: Ein viktig plass i forfattarskapen har tekstane til songar framførte av ulike artistar, både gruppa «Bukkene Bruse» og Herborg Kråkevik, men framfor alt Odd Nordstoga. Versto har òg skrive tekstar som kona hans, Berit Opheim Versto, har sunge, såleis til konserten «Ein engel går stilt» (2007). Versto er sjølv spelemann og har samarbeidd med Knut Hamre og andre. Han har skrive om folkemusikk og folkedikting, mellom anna i den perspektivrike artikkelen «Bånsull-magien». I forteljingane «Bestemors hus» og «Vinterventing» er ein stubb av eit eventyr viktig.

Vi har bedt han om å skildre Det litterære Råd som institusjon. Kva Rådet er i dag, altså samansetninga av dei ni forfattarane, er noko anna. Dette skal vi skildre i vekene som kjem, gjennom ein presentasjon av kvar og ein av rådsmedlemma. Først ut er altså Versto, som begynner med ein røff gaid til Det litterære Råd. Og for han og ho som blir med gjennom heile gaidinga, ventar ei beløning til slutt: Ein prat med Versto om litteratur og det å lese.
_ _ _

– Kva institusjon er Det litterære Råd?

– Det litterære Råd er Forfatterforeningens «sakkyndige utvalg i alle spørsmål av litterær karakter», heiter det i DnFs vedtekter, paragraf 12. Rådet er breitt samansett kjønnsmessig, språkleg og litterært. Kvart medlem i Rådet pliktar å halde seg oppdatert på norsk, samtidig skjønnlitteratur, og brukar såleis ein stor del av arbeidskapasiteten sin på lesing. Sett i forhold til eiga skriving er dette eit offer, men det følgjer også ein gevinst med arbeidet – ikkje minst eit høve til å delta i engasjerte (og til tider glødande) diskusjonar om litteratur og litteratursyn, og tilhøyrande bryning av eins eigen evne til å formulere lesaropplevingar og litterære vurderingar – som i neste omgang kan slå positivt ut for eiga skriving. (Noko å ta med seg for framtidige kandidatar til rådet som måtte vera i tvil om dei vil ta på seg arbeidsbøra!) Rådsmedlemmene fordeler ikkje lesinga seg imellom; kvart medlem les i prinsippet alt. Dette, og det at vi samstundes er eit kollegium, som i kraft av ei rekke møte på årsbasis fører ein kontinuerleg samtale om norsk skjønnlitteratur, gjer rådet til eit nokså særeige fenomen i det norske litterære rom – ein kunne kalle det eit kollektivblikk på samtidslitteraturen som opnar for både oversikt og fordjuping. Dette har då også, tradisjonelt, gitt rådet ein viss autonomi i forhold til styret og medlemmene i DnF, fordi det rett og slett ikkje er så mange andre som har den kompetansen rådet sit inne med. Det til ei kvar tid sitjande råd må i dette biletet navigere både klokt og audmjukt: ta sin eigen faglege integritet på alvor, og samstundes lytte til signal frå medlemmene.

– Det går ei myte om at Det litterære rådet er strengt, og at det er vanskeleg å bli medlem i DnF. Kva har du å seie til det?

– Ja, det litterære råd har jo ofte blitt oppfatta som strengt. Eg trur nok det er rett å seia at noko av rådets eiga sjølvforståing, gjennom mange år, handlar om å vera ei vaktbikkje på vegner av den litterære kvaliteten. Dette kan det vera ulike meiningar om. For det første: Det er eit faktum at rådet har vore restriktivt i ein del saker, ikkje minst medlemsopptak. Og det er ei utfordring for ein forfattar å få medlemskapssøknaden sin avvist. Men at ein søknad blir avvist, inneber slett ikkje nødvendigvis ei avvising av forfattarskapen! Rådsmedlemmene har, i ein del tilfelle, sagt seg imellom at i det og det tilfellet vil vi sjå ei bok til av søkjaren før vi seier ja til medlemskap. Det er jo slik med ein del forfattarskapar, både no og før, at styrken og kvaliteten til forfattaren først viser seg etter forholdsvis mange bøker. Dette er det viktig å få fram. Men, for det andre, og her kjem «vaktbikkjerolla» inn: Det er eit erkjent faktum, for oss som sit i rådet, at forlagsredaksjonane ofte er for slepphendte i arbeidet med manus. Vi meiner å ha lese ein god del bøker som kunne ha vore langt betre – både i språk og oppbygging – om det hadde vore gått ein eller to rundar til med manus. Og dette er eit viktig poeng. Rett nok finst det fleire instansar i det litterære rom som kan fange opp dette fenomenet og rette eit kritisk søkelys mot det (ikkje minst litteraturkritikarane), men kritikarane vurderer ein og ein, medan vi er ni som gjer ei samla vurdering. Vi har, ved fleire høve, sete med to bøker på bordet (forfattarar søkjer om medlemskap med to bøker eller meir) og avvist medlemskap, og samstundes tenkt og sagt at her er det forlagsredaksjonens arbeid, like mykje som forfattaren, som blir avvist. Forlagsredaksjonane bør vera seg dette ansvaret bevisst: Kvar gong dei sender eit manus til produksjon, tilfører dei eit bidrag til norsk bokheim, på godt og vondt. Dei er ansvarlege ikkje berre andsynes eigen økonomi og forfattaren, men har eit allment ansvar for norsk skjønnlitteratur. Så sit då vi der, og meiner å sjå at dei ikkje tek dette ansvaret på alvor. I denne situasjonen er det at ein kan kjenne seg kalla til å ta ansvar, og seia: «Dette er ikkje godt nok.»

– Kva grunnlag har du for å seie noko om korleis dei jobbar i forlaga?

– Eg har sjølv jobba som forlagsredaktør, og i Samlaget, der eg var, vil eg påstå at det redaksjonelle arbeidet er grundig. Men det er klart at andre omsyn, ikkje minst økonomiske, spelar ei svært viktig rolle også i forlaga generelt. Det finst bøker som sel berre i kraft av forfattarnamnet, også debutbøker der forfattaren er eit kjent fjes frå media, for eksempel. Då er det sjølvsagt freistande for forlaget å spare tid og krefter og gi litt blaffen i manusarbeidet. Boka sel, uansett. I neste instans kjem så boka på vårt bord; forfattaren søkjer medlemskap. Eller stipend. Kanskje seier vi nei. Forfattaren får avslagsbrevet sitt frå DnF, og undrar seg: «Jamen, forlaget var jo så positive, og manus gjekk jo rett igjennom!» Og får kanskje store mediaoppslag på avslaget to dagar seinare.

– Ønsker de ikkje debatt om desse tinga?

– Misforstå meg ikkje: Debatt er bra. Det er viktig med eit kritisk søkelys på instansar som Det litterære råd. Men søkelyset kunne også, i sterkare grad, rettast mot andre instansar i det litterære rom. Og når rådet då til tider kan verke strengt, er det i så fall ut frå eit engasjement på vegner av den gode litteraturen.

– Det må ha vore for halvanna år sidan at NRK TVs Bokprogammet hadde dette som tema. Det handla om Frid Ingulstad, som søkte om medlemskap for rundt femten år sidan. Ho har sidan blitt ein av dei mest leste forfattarane i landet, og det blei ein del styr då ho ikkje fekk medlemssøknaden sin innvilga av DLR. Er medlemma i DLR elitistiske og med estetiske nykker?

– Rådsarbeidet handlar ikkje om estetiske nykker og elitistiske rådsmedlemmer! Det handlar om språkrøkt. Det handlar om å ta litteraturen, og det å skrive skjønnlitterært, som fag, på alvor. Det handlar om respekten for litteraturhistoria. Når ein les klassikarane, eller dei beste nolevande forfattarane, ser ein kva språket kan vera, kva språket kan utrette: korleis dei subtile nyansane, rytmiske skifta, emosjonelle valørane, uventa tankekasta aktiverer ei oppleving i lesaren: ei gjenkjenning av eins eige indre liv, kanskje til og med ei utviding av dette indre livet, der lesaren med alt sitt kjenner seg teken på alvor. Denne gjenkjenninga, denne stadfestinga av flyktige, men endå viktige kvalitetar, har òg med respekten for menneskeverdet å gjera. Vil vi kalle oss ein kulturnasjon, kjem vi ikkje utanom det å ta slike verdiar på alvor, og hegne om dei.

– Kva er dei viktigaste jobbane for DnF generelt og DLR spesielt, i åra som kjem?

– Først og fremst er det viktig å hegne om det vi har av stipend pr. i dag, og det gjer leiaren og styret i DnF på ein framifrå måte. Dernest å få fleire statlege arbeidsstipend, særleg til forfattarar over 35 år, sidan dei fleste debuterer først etter fylte 30. Det er ei glede å vera med å gi arbeidsstipend, og det er tilsvarande lite gledeleg når stipendperioden til ein forfattar er over. Og ikkje minst: Det går mange gode forfattarar rundt om som ikkje har arbeidsstipend, som skulle ha hatt det! Dette ville kunna gi dei nettopp det høvet til fordjuping over tid, som kunne gjera det mogeleg å ta ut det fulle potensialet, kanskje skrive ei gjennombrotsbok. Økonomien til altfor mange forfattarar er eit lappeteppe av frilansjobbing og uforutseielege inntekter. Vi treng fleire arbeidsstipend.

– Kor mange arbeidsstipend som staten er med på å finansiere, kan vere eit signal om kva rolle forfattaren blir gitt i Noreg. Kva meiner du er forfattarens rolle i samfunnet?

– Det er vanskeleg å seia noko generelt om dette, for forfattarar er ulike – alt frå dei som eksplisitt skriv om tema i tida, til dei som tek bustad i språket og arbeider der, utan å skjele så mykje til mottakarane. Alle kategoriane er viktige. Og det er også, sjølvsagt, mogeleg å kombinere. Og djupast sett er jo all litteratur, i det den blir offentleg, ein kommentar til si samtid. Skal eg svare på spørsmålet ditt med bakgrunn i tida vi lever i no, vil eg vel seia at det i sterkare grad burde vera ei oppgåve for litteraturen å drøfte etiske problemstillingar. Vi lever jo i eit skakkøyrt samfunn, i den forstand at svært mykje av det vi held på med, ikkje har berekraft for framtida; i litteraturen er det mogeleg å føre dei lange, langsame samtalane, som kan fungere som alternativ til det kjappe og tankelause. Dette potensialet kunne vel ha vore endå betre utnytta.

– Korleis er det å lese så mykje som de gjer for rådsarbeidet?

– Pliktlesing kan jo, sett utanfrå, framstå som ei litt kjedeleg øving, også for den som driv med det. Men når ein kjem «innanfor» melder ofte uventa positive opplevingar seg. Som medlem i rådet les eg bøker eg kanskje ikkje ville ha lese elles, og dette har mange gonger gitt fine lesaropplevingar. Ein får jobba litt med det ein måtte ha av fordomar! Dette prøver eg også å formidle når eg reiser rundt og presenterer kulturfondsbøker – det er mange gode bøker som blir oversette i det litterære kretsløpet. Eg har nok lært meg å lesa fortare etter at eg kom med i Rådet, fått auka lesetempo – utan at det går ut over lesekvaliteten, håpar eg. Eg les på ulike måtar, avhengig av sjanger og av korleis boka er bygd opp. Diktbøker les eg gjerne fleire gonger, for å vera sikker på å yte dei rettferd. Romanar har ein sjeldan tid til å lesa meir enn ein gong, kanskje med unntak av bøker som ligg til grunn for litterære prisar. Som rådsleiar er det mi oppgåve å skrive grunngivingane for pristildelingane, i dei fleste tilfelle, og då må jo ei bok eller to ofte framatt til nytt gjennomsyn.

– Korleis opplever du det å sitje i rådet?

– Å vera med i Det litterære råd er lærerikt, men også krevjande. Vi har stor takhøgd, og det er rom for å vera usamd med fleirtalet. Rådet er, heldigvis, befriande fritt for fløyar og fraksjonar, kanskje fordi det sit ni individualistar der. Det er interessant å høyre åtte andre forfattarar dela av sine tankar om litteratur, og oppleva dei som lesarar av andres bøker.

– Eg har også forsøkt å auke lesetempoet – for å sikre at eg rekk å lese mange bøker. (Det har forlengst demra for meg at åra eg har att er for få til å lese alt som eg ønsker å lese!) Men det er som om bøkene har i seg eigne tempo, som om eg ikkje kan lese dei fortare utan å miste noko. Det gjeld ikkje bare dei bøkene kor rytma, stemninga, tona er dominerande. Det gjeld også dei som er tette av observasjonar eller grunnlag for refleksjon. Og bøkene kor eg må skape med, osv. Kort sagt: Eg skulle gjerne ha visst meir om leseteknikken din, og korleis du klarar å setje opp tempoet.

– Eg kjenner meg att i det du seier om at ulike bøker krev ulike lesetempo. Romanar og novellesamlingar krev ulike lesingar. Eg har opplevt at med ein heil del romanar er «koden knekt» etter 50-60 sider; etter å ha lese så langt, har du eit visst begrep om opplegget, og kan lesa resten av boka i eit noko raskare tempo. I novellesamlingar må ein ta kvar tekst som ein genuin einskap, med sitt eige opplegg, «byrje på nytt» for kvar novelle. Det krev ein annan type konsentrasjon. Diktsamlingar må svært ofte lesast meir enn ein gong. Eg les gjerne nokså raskt første gongen og får eit slags overblikk. I andre lesing ser eg meir etter nyansar, men eg opplever også at eg ofte oppdagar slike nyansar fordi eg har fått det overblikket som første lesing gav.

– Du snakkar i dette intervjuet om ”dei lange tankerekkene” og den meir langsame samtala som ein kan ha i bøkene og i litteraturen. Du er også forfattar av låttekstar. Langsame kan ein neppe kalle dei, då ein gjennomsnittleg radiolåt vel er på tre minutt og 33 sekund. Kor i den offentlege samtala befinn låttekstene seg?

– Songteksten har det til felles med annan litteratur at den kan levere formuleringar og bilete som blir ståande i folkeminnet, og kanskje har songteksten eit særleg potensial her, iallfall dei som blir mykje spela. Som leverandør av ”mantra” til folkeminnet står songteksten saman med den klassiske litteraturen (ikkje minst Shakespeare og Ibsen), men òg heilt andre kjelder. T.d. Marve Fleksnes! Når ein ser seriar som den oppatt, oppdagar ein kor mange av Fleksnes-sitata som har blitt ståande vendingar i språket vårt. Slike vendingar er eit viktig innslag i vår sjølvforståing, både individuelt og kollektivt. Dei er på ulike vis identitetsskapande, og i visse tilfelle kan dei også vera berarar av djup visdom – iallfall når det er tale om sitat frå klassisk litteratur.

– Pedro Carmona-Alvarez er ein av forfattarane som skriv bøker av ulike sjangre, og som også skriv tekstar for rockelåtar. I essayet Å se etter kyllinger i abstrakte malerier resiterar han Morrisay O don’t forget the songs that made you cry or the ones that saved your life. Korleis treff ein publikum med musikklyrikk på ein måte som ein ikkje kan gjere i poesien?

– Først og fremst, trur eg, vel at musikken kan vera ein døropnar til teksten. Musikken har jo fleire elskarar enn poesien.

– Og du har eit par elskerinner: Dikta og låttekstene. På kva måte skil du mellom dei?

– Eg har skrive både prosa, dikt og songtekstar, og eg skil nokså klart mellom dei to siste. Det stillest heilt andre krav til eit dikt enn til ein songtekst. Diktet skal stå for seg sjølv; songteksten har tonefølgje; diktet skal såleis, ideelt sett, vera ein heilskap, ein autonom kunstnarleg storleik. Det finst eitt forhold som modifiserer denne forventninga til diktet, og det er der diktet står i ei bok; der vil jo samanhengen det står i, dei andre dikta, kaste lys over det enkelte diktet. Tilsvarande vil jo også den samla forfattarskapen kaste lys over den enkelte boka til ein forfattar. Eg har med vilje gitt meg sjølv friare tøyler når eg skriv låttekstar, fordi ein slik tekst berre utgjer ein prosentdel av den kunstnarlege heilskapen, der musikken ofte får langt større tyngd enn teksten. Samstundes er det jo eit ansvar, for det finst jo dei som set seg inn i teksten, og når ein skriv for ein artist som t.d. Odd Nordstoga, når ein potensielt mange. Eg har ofte tillate meg å skrive heilt utan ironi eller undertekst, i låttekstane, og nytta ei endefram, kanskje naiv, tilnærming til temaet eg skriv om. Kanskje kan det ha noko for seg også. Eg fører elles ein svært så langsam samtale med både meg sjølv og lesaren i eit romanmanus eg har halde på med i nokre år no.
_ _ _

Denne serien om Dnf og Det litterære Råd fortsetter i tiden fremover med presentasjon av rådsmedlemmene og deres syn på litteraturen.

Det litterære Råd:
http://www.forfatterforeningen.no/v2/content/det-litteraere-rad