Leiarbrev: Innstillinga frå Stortinget til Kunstnarkår

– Merknadene frå Stortinget samsvarar med dei signala som Den norske Forfatterforening har fått undervegs gjennom vår kontakt med politikarane, skriv DnF-leiar Brynjulf Jung Tjønn i siste leiarbrev.

Kjære forfattar

Dei siste månadene har vore prega av Stortinget sitt arbeid med Kunstnarkår, som blant anna føreslår at oppnemningsretten til stipendkomiteane for Statens Kunstnarstipend skal «demokratiserast», og at sekretariatsfunksjonen for kunstnarstipendet skal flyttast frå kunstnarorganisasjonane og til Kulturdirektoratet.

No har merknadene frå Familie- og kulturkomiteen på Stortinget til Kunstnarkår blitt publiserte. Og dei gir eit anna inntrykk enn det som kjem fram i Klassekampen 23. februar, der det blir slått fast at Forfattarforbundet får oppnemningsrett til stipendkomiteen for Statens kunstnarstipend.

Merknadene frå Stortinget samsvarar med dei signala som Den norske Forfatterforening har fått undervegs gjennom vår kontakt med politikarane.

I merknadene står det blant anna om oppnemningsretten:

Flertallet støtter at kunstnerorganisasjonene fortsatt skal ha oppnevningsrett til stipendkomiteene som innstiller til Statens kunstnerstipend, og viser til at dagens ordning fungerer godt og sikrer bred forankring. Flertallet støtter videre regjeringens forslag om at demokratiske organisasjoner som reelt sett representerer kunstnere må ha oppnevningsrett. Flertallet vil fremheve at denne endringen frembringer et behov for å definere hvilke kriterier som skal ligge til grunn i vurderingen av om en organisasjon reelt sett representerer kunstnere og dermed skal kunne ha oppnevningsrett til SKS. Flertallet mener derfor at Kultur- og likestillingsdepartementet må igangsette et arbeid, sammen med de berørte organisasjonene, for å klargjøre dette i forskriften.

Vi er glade for at Stortinget så tydeleg vektlegg at kunstnarisk kvalitet og aktivitet framleis skal vere avgjerande for tildelingar av kunstnarstipend i ei ny forskrift, slik DnF har vore opptatt av heile vegen.

Og så seier kulturpolitikarane på Stortinget at dei ser behovet for å definere kva kriterium som skal ligge til grunn for at ein organisasjon reelt sett representerer kunstnarar og dermed skal ha oppnemningsrett. Det trur vi er klokt, slik at vi sikrar prinsippet om fagfellevurdering. Det er altså ikkje riktig som Klassekampen skreiv, at Forfatterforbundet no har fått større makt. Det skal gjerast eit arbeid i departementet med å sjå på desse kriteria, og det er for tidleg å seia kva som blir utfallet av eit slikt arbeid. 

Samtidig merkar vi oss at det er politisk vilje til å endre kunstpolitikken framover, noko som vil gjelde alle kunstfelt, ikkje berre for litteraturen. Vi tar for gitt at alle omfattande endringar blir grundig greidde ut, og at vi som kunstnarorganisasjon blir høyrt.

I merknadene står det også blant anna om sekretariatsfunksjonen for Statens kunstnarstipend:

Flertallet ønsker samtidig at der en beholder sekretariatsfunksjonen hos kunstnerorganisasjonene, må det sikres mest mulig lik forvaltningsmessig håndtering på tvers av de forskjellige stipendkomiteene på annet vis, ved at Kulturdirektoratet gis en observatørrolle gjennom hele saksbehandlingen i stipendkomiteene. (…) Flertallet vil fremheve at regjeringen i arbeidet med endringene av forvaltningen av Statens kunstnerstipend må ha tett dialog med kunstfeltet. Særlige forhold som bør vurderes er kriterier for å få status som kunstnerorganisasjon som reelt sett representerer kunstnere, løsninger når flere organisasjoner kvalifiserer til slik status, hvordan en sikrer at kvalitet og aktivitet ligger til grunn for utdelingen, og at en sikrer fagfellevurdering og armlengdes avstand.

Vi er svært nøgde med at Stortinget har lytta til kunstnarorganisasjonane, som har vore sterkt imot å flytte sekretariatsfunksjonen for Statens kunstnarstipend til Kulturdirektoratet.

Dette ville ha ført til mindre armlengdes avstand og meir byråkratisering. Stortinget anerkjenner med det at ryddig forvaltning og transparens allereie blir ivaretatt av DnF og mange av dei andre kunstnarorganisasjonane. 

Les merknadene i sin heilskap her.

Beste helsing

Brynjulf Jung Tjønn