Leiarbrev: Om boklova og avgjersla om å gå av som leiar

Det kjennest verkeleg heilt eksistensielt og livsviktig for meg å skrive akkurat no, skriv DnF-leiar Brynjulf Jung Tjønn i siste leiarbrev.

Kjære forfattarar

Godt nytt år!

Boklova

Ved nyåret trådde boklova i kraft, som blant anna lovfestar at fastprisen på bøker skal vere rullerande i eitt år. Det betyr at du er sikra fastprisen som royaltygrunnlag for bøkene dine i minst eitt år etter at boka har kome ut. Boklova er viktig for å sikre det unike litterære systemet, og Den norske Forfatterforening har vore viktig i arbeidet med å forme lova.

Du kan lese meir om boklova her:

https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2023-06-16-64

Ny leiar

Det er no snart eitt år sidan eg blei vald som leiar i Den norske Forfatterforening. Det er eit privilegium å vere leiar i Noregs viktigaste skribentorganisasjon, som er tufta på litterær kvalitet. Men samtidig som eg har vore leiar, har også forfattarskapen min fått meir merksemd og det har vakse fram skriveprosjekt som eg ikkje har fått utvikla vidare.

Med diktsamlinga Kvit, norsk mann har eg funne ut at mitt eige liv heng svært tett saman med skrivinga. Ved å bruke min eigen bakgrunn og min oppvekst i Noreg og det livet eg lever no, til å utforske identiteten min, kven eg har vore, kven eg er og skal bli, går livet mitt og skrivinga meir eller mindre opp i kvarandre.

Å vere leiar i DnF krev 100 prosent merksemd. Det er eit verv der ein må gi mykje av seg sjølv. Dette var eg førebudd på, og eg har verkeleg gitt alt eg har. Det er eit arbeid eg har tatt på største alvor. Samtidig har det vakse fram ein sterk lengt etter å skrive, sterkare enn eg hadde trudd på førehand.

Og det kjennest viktigare enn nokon gong for meg å skrive. Det kjennest verkeleg heilt eksistensielt og livsviktig for meg å skrive akkurat no. Viss eg ikkje får skrive, så har eg det rett og slett ikkje bra.

Difor har det utover hausten vakse fram ein tvil i meg om eg klarer å fullføre tida mi som vald leiar for DnF. Viss eg skal gjere noko, må eg gjere det 100 prosent. Og DnF treng ein leiar som kan vere 100 prosent til stades framover.

Og det kan eg ikkje vere no.

Etter ein grundig prosess og tett dialog med administrasjonen har eg difor kome fram til at eg går av som leiar etter årsmøtet 9. og 10. mars 2024.

Det kan verke dramatisk at ein leiar går av etter berre eitt år i rolla si. I ein del slike avgangar kan det liggje konfliktar bak. Det er viktig for meg å understreke at det ikkje er tilfelle her. Eg har hatt eit fantastisk samarbeid med administrasjonen og styret i DnF.

Vi er særs heldige som har så kompetente og ikkje minst hyggelege personar som Elin, Kerstin og Jeanette i administrasjonen, som kvar dag jobbar for at vi skjønnlitterære forfattarar skal ha det best mogleg. Eg skulle gjerne ha samarbeidd vidare med dei.

Det same gjeld styret. Styret er fullt av kompetanse og flotte folk. Eg har sett fram til kvart einaste styremøte, som har gitt meg mykje meir innsikt og energi i etterkant.

Avgjersla om å gå av handlar berre om meg sjølv, ikkje noko anna. Å få vere leiar i DnF er som sagt eit privilegium, fordi ein får representere ein viktig og respektert kunstnarorganisasjon og jobbe for best moglege vilkår for norske, skjønnlitterære forfattarar.

Men samtidig kjenner eg at eg berre må skrive. Og det kjennest viktigare enn nokon gong tidlegare i livet mitt.

Eg kjem til å stå i leiarvervet til og med årsmøtet 9.–10. mars 2024 på Hotel Bristol i Oslo. Det blir eit viktig årsmøte av fleire årsaker, ikkje minst med tanke på framtida til norsk litteraturpolitikk. Eg håpar eg ser deg der.

Beste helsing

Brynjulf Jung Tjønn

Foto: Maria Kleppe Vihovde / Cappelen Damm