Leiarbrev: om Kunstnarkår og oppnemningsretten

DnF er opptekne av den skjønnsmessige vurderinga av kvalitet og meiner at den blir ivaretatt på best mogleg måte ved å lese grundig. Difor ynskjer vi at oppnemningsretten for stipendkomiteen for skjønnlitterære forfattarar forblir som i dag, skriv DnF-leiar Brynjulf Jung Tjønn i siste leiarbrev.

Kjære forfattar

Den siste veka har det blussa opp ein viktig debatt om oppnemningsretten til stipendkomiteen for skjønnlitterære forfattarar hos Statens kunstnarstipend. Bakgrunnen er at det i kunstnarmeldinga Kunstnarkår står: «Departementet meiner systemet for kva organisasjonar som har rett til å oppnemne medlemer til stipendkomiteane, må innrettast slik at organisasjonar som reelt sett representerer kunstnarar, etter ei vurdering kan få rett til å opppnemne medlemer av komiteane.»

Litteraturfeltet med Den norske Forfatterforening og Forfatterforbundet blir nemnt som eit konkret døme.      

Kvalitet er heilt avgjerande for utdeling av Statens kunstnarstipend og eit krav politikarane sjølv har sett til forvaltning av midlane. I forskrifta om stipend står det: «Ved tildeling av stipend skal det bare legges vekt på kunstnerisk aktivitet og kvalitet.» Kunstnarkår er også tydeleg på dette: «Målet om å skape kunst- og kulturuttrykk av ypparste kvalitet må liggje til grunn for kulturpolitikken.»

I dag er det 23 norske kunstnarorganisasjonar som oppnemner medlemar til stipendkomiteen innanfor sitt kunstfelt. Kunstnarorganisasjonane har legitimitet til å gjere dette, fordi dei fleste har inntakskrav som kvalitetssikrar at medlemen sjølv held høg kvalitet som kunstnar. Dette er i tråd med fagfellevurderinga, der kunstnar skal vurdere kunstnar, som blir løfta opp som eit viktig prinsipp i Kunstnarkår. Som kunstsosiolog Dag Solhjell skriv i Morgenbladet 15.03.2019 så har staten krevd at kunstnerorganisasjonen må ha så strenge medlemskrav at det enkelte medlem anses å representere en så høy kunstnerisk kvalitet at medlemmet selv er eller har vært aktuell som stipendmottager. Uten det vil ikke staten ha tiltro til at medlemmene har tilstrekkelig kompetanse til å velge medlemmene av stipendkomiteen blant sine kolleger, eller selv å sitte i komiteene for å vurdere sine kollegers kunstneriske kvalitet.

Det er altså en kvalitetssikrende sammenheng mellom stipendtildeling og medlemskrav i kunstnerorganisasjonene.    

På litteraturfeltet er det DnF som har denne oppgåva i dag gjennom Det litterære råd. DnF har sidan Kunstnarkår blei offentleggjort juni 2023, jobba strategisk for å få fram vårt synspunkt på det som står i kunstnarmeldinga. Denne hausten har vi vore i kontakt med politikarar, andre kunstnarorganisasjonar og Utvalget for Statens stipend og garantiinntekter for kunstnere. Vi har også fått fram vårt syn i media, blant anna gjennom artiklar i Klassekampen og Morgenbladet.

Arbeidet har blitt intensivert utover hausten då det var frist for skriftlege høyringsinnspel 11. desember 2023 og munnleg høyring den 14. desember på Stortinget. I januar arbeider stortingspolitikarane i Familie- og kulturkomiteen med merknader til Kunstnarkår, før dei i februar avgir innstilling og det vidare arbeidet går tilbake igjen til departementet.

Noreg er eit lite språkområde og har ein liten bokmarknad. Det er berre nokre få som kan leve av boksalet aleine. Utan den kunstpolitikken vi har i Noreg, ville berre dei som har råd til å skrive bøker, kunne gjort det. Statleg finansiert kunstpolitikk skal sikre at kvalitetskunst har moglegheit til å klare seg, sjølv om det sel lite.

Det finst ulike ordningar i litteraturen som stimulerer til at det kjem ut mange skjønnlitterære bøker i Noreg. Vi har innkjøpsordninga, normalkontrakten og Biblioteksvederlaget, i tillegg til andre vederlagordningar. Statens kunstnarstipend er eit verktøy for å fremje kunstnarisk kvalitet og aktivitet. Vi har mange svært kvalifiserte forfattarar, diverre er det altfor få stipend. Kunstnarstipend er difor eit knappleiksgode. For å prioritere blant alle dei kvalifiserte forfattarane treng vi ei ordning som på best mogleg vis kan vurdere kven som skal få stipend. DnF meiner den beste ordninga er å lese bøkene som blir utgitt godt og grundig, og deretter diskutere kvaliteten, slik Det litterære råd, som er eksisterande stipendkomité, gjer.

Viss oppnemningsretten til stipendkomiteen blir endra, kan det bety slutten på Det litterære råd og korleis stipendkomiteen for skjønnlitterære forfattarar arbeider. I Morgenbladet 15. desember 2023 uttalar leiar i Forfatterforbundet, Eystein Hanssen:

«– Den måten å jobbe på er det Det litterære råd som har lagt opp til. Vi møter stadig argument om at DnF har gjort ting slik eller slik, men det er ikkje vits i å starte ei eiga forfattarforeining viss den berre skal vere ein kopi av den andre. Vi har ei anna tilnærming, og dette er eit av døma.»

I tillegg har Forfatterforbundet signalisert ein annan stipendpolitikk. I same intervju i Morgenbladet seier Hanssen:

«– Ein skal sjølvsagt støtte opp om den virtuose lyrikken til Jon Fosse, men så har du forfattargruppa som har aller flest lesarar, seriebokforfattarane, og mange andre dyktige, skjønnlitterære forfattarar, som har blitt halde utanfor all påverknad og vederlag. Vi er opptekne av at stipendmidlane må fordelast på fleire, og ikkje til dei same forfattarane år etter år.»

Dette gjentar dei i høyringsinnspelet til Kunstnarkår, der dei også er tydelege på at dei ynskjer ei større marknads- og målgrupperetting av kvalitetsomgrepet:

«Bredde og mangfold må ikke alene bestemmes av etablerte premissgivere og utøvere, men må i større grad styres av dem tilbudet er rettet mot. Disse må gis plass som premissgivere. Kulturfeltet må bli bedre til å møte målgruppenes behov og la disse være med på å styre.»

DnF er opptekne av den skjønnsmessige vurderinga av kvalitet og meiner at den blir ivaretatt på best mogleg måte ved å lese grundig. Difor ynskjer vi at oppnemningsretten for stipendkomiteen for skjønnlitterære forfattarar forblir som i dag. Samtidig har vi fått signal om at det vil vere ein fordel å vise endringsvilje for å få mest mogleg støtte for ynska våre. Vi sende difor i haust inn eit høyringssvar der vi bad om at stipendkomiteen forblir som i dag med Det litterære råd, men at Forfatterforbundet eventuelt får moglegheit til å oppnemne to supplerande medlemar. Desse skal kome i tillegg til Det litterære råd og ikkje erstatte medlemar i rådet.

DnF har også oppfordra Forfatterforbundet til å spele inn namn til valkomiteen som innstiller til stipendkomiteen, men dette ynskte ikkje Forfatterforbundet å gjere.

Det er også viktig å understreke at dette ikkje er ei sak DnF og Forfatterforbundet skal bli samde om og ordne opp i. Både DnF og Forfatterforbundet spelar inn sine synspunkt på lik linje til politikarar og departement. Viss oppnemningsretten skal endrast, slik at Forfatterforbundet skal få oppnemningsrett som DnF, må det skje ei endring i rettsgrunnlaget for oppnemningsretten i forskrift om statens stipend og garantiinntekter for kunstnere. Denne forskrifta må difor eventuelt reviderast. Dette er altså ein prosess som vil ta litt tid.

Debatten som no pågår, er viktig og måtte kome på eit tidspunkt. Det er avgjerande å respektere dei ulike syna som finst i DnF om dette. Vi ynskjer å føre ein sakleg diskusjon, der det skal vere rom for at ulike synspunkt kan kome fram og bli møtt på ein respektfull måte. Det er likevel openbert at vi er djupt uroa for konsekvensane ei slik endring vil medføre på vårt felt.

Debatten handlar altså om korleis statlege midlar kan forvaltast på best mogleg måte, og om korleis ein skal prioritere blant mange kvalifiserte forfattarar i tildelinga av dei altfor få kunstnarstipenda. Kunstnarmeldinga Kunstnarkår skal forme framtidas kunstpolitikk, og handlar om korleis kunstnarar kan få rimeleg betalt og kunne leve av kunsten sin. Difor treng vi ei ordning som kan forvalte desse midlane på eit vis som samsvarar med dei kriteria som staten stiller. DnF har blitt invitert, som alle andre kunstnarorganisasjonar, til å spele inn korleis dette kan gjerast på best mogleg vis. Etter DnFs meining skjer det gjennom ei ordning der ein les grundig og vektlegg kvalitet. Difor har vi spelt inn til staten at vi meiner den mest forsvarlege måten å gjere det på er å oppretthalde oppnemningsretten til stipendkomiteen slik den er i dag.

Vi skal fortsetje dei neste vekene og utover våren med å synleggjere dette for politikarane, både på Stortinget og i Kultur- og likestillingsdepartementet.

Beste helsing

Brynjulf Jung Tjønn

Foto: Maria Kleppe Vihovde / Cappelen Damm