«ligge nært inntil en tredjeperson»

det farlige var: grå kinn, buskete øyebryn vi lekte i bedehusbassenget lydene var høyere etter flanellografen, skriv tjue år gamle Linda Therese Utstøl. Ho er…

det farlige var: grå kinn, buskete øyebryn
vi lekte i bedehusbassenget
lydene var høyere etter flanellografen,

skriv tjue år gamle Linda Therese Utstøl. Ho er ein av forfattarstudentane som går ut frå Høgskulen i Bø i vår, og som er profilerte i årets antologi, Ligge nært inntil en tredjeperson. Antologi kjem det også frå kunstprosjektet Trafo.no i år. Kunstprosjektet er i regi av Høgskulen i Agder, og har gjennom ti år kursa og utdanna kunstnarar som nettopp Utstøl. Trafo har knytt til seg ei rekke etablerte tekstkonsulentar. Mange av dei er medlem i DnF. Bjarte Breiteig er av "mentorane" som har vore med lengst. Etterkvart har også Ingrid Z. Aanestad, Linn Cecilie Ulvin, Ingrid Storholmen og mange fleire forfattarar gaida Trafo-ungdommane gjennom tekstarbeid. I Trafo-antologien får du lese eit utval av dei beste tekstane som ligg i den omfangsrike databasen til Trafo. Han er i anledning prosjektets tiårsjubileet. Diktet som vi har saksa frå over, ligg i heilskap på Trafos nettside.