Litt å lese

No då han har kyst henne, lagt seg over henne, tatt henne med hit og opna henne, forstår ho at heile ho er eit sår….

No då han har kyst henne, lagt seg over henne, tatt henne med hit og opna henne, forstår ho at heile ho er eit sår. Ho visste ikkje det. Ho forstod ikkje kvifor alt var så tørt og aude. Men alt er ope i henne no. 
Etterpå ligg dei berre stille, tett inntil kvarandre. Fingrane hans rører seg langs ryggen hennar, som små kitlande rørsler, heilt opp i håret, heilt ned til rumpa. 
Ho begynner å skjelve. Han stryk armane hennar, legg dei inntil kroppen, samlar henne saman, rullar henne over på sida og held rundt henne, så fell ho ikkje frå kvarandre. Han stønner noko, liksom kviskrar det inn i alt håret, men ho kan ikkje høyre kva det er. Ho får ikkje snudd seg mot han heller, for ho kan ikkje røre seg. Smerta gav det heile meining, men ho er borte no, og bak det vonde er det ingenting. 
Ho ler når han prøver å vikle hendene hennar i sine. Så tar ho fingrane hans opp til ansiktet, snusar på dei. 
"Du er så altfor ung", seier han.
"Og du er ikkje så ung", seier ho og fniser. 
"Er eg ikkje?" seier han, er med på spøken, men blir fort alvorleg igjen. «Nei, det er eg ikkje.»
"Eg er forelska i deg", seier ho. Han svarer ikkje at han er forelska, slik ho trudde han skulle svare. Han seier berre: 
«Alt dette er mi skuld. Alt er mitt ansvar.» Han stryk henne over kinnet, lét att auga. 
Alvoret hans får henne til å klynge seg til han. Alt som betyr noko er det hjartet vil. Det som er ekte og sant. Dette er opprøret vårt, tenker ho, eit bittelite historisk opprør. 
 
(…)
 
Peder køyrer ned frå fjellet med Jill i bilen. Han må huke seg ned, nesten gøyme seg der han sit. (…) Han vil ikkje fortelje det til henne, kor ille det er. At ingen må vite det. Slike ting, som ein vil seie, men ikkje får seg til å seie. At ho må forstå det, ho må ikkje skrive det ned eller snakke om det til Ida, ingenting. 
Då dei kjem ned til sentrum, er han som tømt for krefter. 
«Skal eg køyre deg heim», spør han og håper ho seier nei. 
«Eg trur ikkje det går buss så seint», seier ho, «kanskje du kan sette meg av nede ved vegen om ingen skal sjå oss.»
 
På veg heim køyrer han innom faren. Peder går inn på det vesle badet som faren disponerer. Han vaskar seg med desinfiserande såpe, ser seg i spegelen, skyl ansiktet med vatn frå springen. Han finn fram mobilen og nummeret ho har gitt han, sender ei melding: Er alt ok?
Faren ligg i senga, endå klokka berre er seks. 
«Eg er berre innom», seier han til ein pleiar som stikk hovudet inn. Gjennom utelysa kan han sjå lauvet blåse opp og danse bortetter. Når regnet kjem, blir det tungt og mørkt og borte. Så kjem vinteren. Det blir fint, tenker han, det blir fint med vinter. 
Faren seier ikkje noko i dag. Han ligg berre stille, ser på Peder med eit slags smil. Som om han veit kva Peder har gjort, og lovar å ikkje seie noko. Som om han uttaler seg frå ein stad der alle moralske lover er oppheva.