Litterære Amnesty

Ann Kavli og Stein Versto er nokre av kunstnarane som Amnesty samlar til ein kveld av jazz, poesi og kanskje ideologi i kveld. Eit program…

Ann Kavli og Stein Versto er nokre av kunstnarane som Amnesty samlar til ein kveld av jazz, poesi og kanskje ideologi i kveld. Eit program om slum, med jazz av Karl Seglem og opplesningar av nokre av dei mest musikalske av lyrikarane våre: Dette er bare eit av mange døme på at Amnesty formidlar litteratur. I fjor gav dei ut antologien Akkurat Nå. Forfattarar som Levi Hendriksen, Pedro Carmona-Alvarez og Hilde Myklebust var blant bidragsytarane. I over eit år turnerte Akkurat Nå – forfattarane rundt om i heile landet for å sleppe boka. Og overraskande er det ikkje at Amnesty satsar på litteratur. Ytringsfridom er fellesnemnaren. Ord er våpen, og om dei blir brukt rett, kan ein kanskje vinne krigar med dei. Kom til Bingon i Lillehammer i dag klokka fem. I følgje programmet vil vi få presentert temaet slum på nye måter. Karl Seglem har med seg Guttorm Andreasen på slum-electronica og Eple trio (Andreas Ulvo, Sigurd Hole, Jonas Howden Sjøvaag).