Litteratur på stein, papir, skjerm.

Vi noterar at papirindustrien og IKT Norge har kasta seg inn i momsfritaksdebatten – med ”miljø” som argument for og imot momsfritak. I papirutgåva av…

garden

Vi noterar at papirindustrien og IKT Norge har kasta seg inn i momsfritaksdebatten – med ”miljø” som argument for og imot momsfritak. I papirutgåva av Dagens Næringsliv fekk Leif-Arne Karlsen i dag svare til eit innlegg frå Liv Freihow. Freihow, som jobbar for IKT Norge, skal ha brukt miljøargument til forsvar for momsfritak på e-bøker. Karlsen, som er administrativ direktør i Arctic Paper Norge, kallar miljøargumentet ”i beste fall uintelligent”. Karlsen sitt perspektiv går eit år fram i tid. Med ein eingongsinvestering av eit lesebrett, så skal ein lese 80 bøker det året for ”at din e-bok skal være et mer klimasmart valg enn en papirbok”. Men kva med det andre året, Karlsen? Det tredje? Vi får vitterleg håpe at eit lesebrett varar lenger enn som så. Det er då litteratur som står på spel. Og den skal helst stå i hyllene i hundre år. Illustrasjonen under er frå Ian Hamilton Finlay sin "Garden of concrete poetry" i Skottland. Mange kallar Finlay oppfinnaren av "concere poetry" som følger denne definisjonen: Dikt hugga i stein. Dikt støypt i betong. Skal tru om Finlay hadde visjonar om papirbok – versus e-bok, då han la grunnsteinen for dikthagen sin?