Lov for lesar, språk og litteratur

Den norske Forfatterforening meiner tre prinsipp er viktige å få med i den norske boklova: 1. Fastpris for nye utgivingar. Dette gjer royaltygrunnlaget til forfattaren…

Foto: Svein Erik Dahl

Den norske Forfatterforening meiner tre prinsipp er viktige å få med i den norske boklova:

1. Fastpris for nye utgivingar. Dette gjer royaltygrunnlaget til forfattaren føreseieleg. Det gjer at bokhandlarar må konkurrere på kvaliteten av sine tenester og ikkje berre på bokpris. Erfaring frå andre land i Europa viser at fripris på bøker fører til auka stabel-sal av få titlar medan mangfaldet i litteraturen forsvinn. Forbrukarane får altså dårlegare utval og mindre reell valfridom. Med fripris kan t.d. større matvarekjedar sette prisen kraftig ned på eit fåtal titlar for å trekke folk inn i butikken og tene pengane på andre varer enn litteratur. Dette skummar fløyten frå den fullassorterte bokhandelen og vil bety kroken på døra for mange bokhandlar landet over. Distribusjonsnettet vi har i dag gir lesarar høve til å oppdage nye forfattarskap og sjølv velje dei bøkene dei vil kjøpe. Fastpris motverkar einsretting av tilbodet til norske lesarar.

2. Eit ikkje-diskrimineringsprinsipp for avanse. Dette for at forleggarar ikkje skal kunne gi eigne forhandlarar betre vilkår enn andre. Og for at bokhandlarkjedar ikkje skal kunne gi dei store forlaga betre vilkår enn dei mindre, når det ikkje finst andre grunnar for dette enn at dei er små. Ein kan tenkje seg ein grunnrabatt som kan bli utvida ut frå kva slags ytingar bokhandelen er villig til å gi kundane både med omsyn til kvalitet og kvantitet, altså ikkje berre etter innkjøpt volum. Dette vil styrke mindre forlag og deira bøker sin mulegheit til å nå lesarane. Altså eit betre utval ut i bokhandel og ut til lesar.

3. Dei ytingane som gir grunnlag for tilleggsrabatt, må vere både kvalitative og kvantitative. Dei kvalitative ytingane kan mellom anna vere ordningar i slekt med dagens abonnementsordningar eller ulike formidlingstiltak.

I dag går all skjønnlitteratur påmeldt innkjøpsordninga automatisk ut til omkring 400 bokhandlarar. Denne kulturpolitiske abonnementsordninga er ein del av Bokavtalen og den utfyllar innkjøpsordninga på ein god måte. Den gir lesarar tilgang til eit breitt utval bøker og gir forfattaren eit auka minstehonorar pr. utgiving. Slike litteraturpolitisk motiverte ordningar må ikkje forsvinne om ein går frå avtale til lov. Det som i Aftenposten vart omtala som førsteeksemplar-rabatt, er ein høg rabatt knytt til nettopp abonnementsordningane. Rabatten får berre dei bokhandlarane som forpliktar seg til å gi kundane sine tilgang til eit stort utval titlar.

I siste dagars oppslag har det igjen vorte gjentatt at fastpris gir høgare bokpris. Feil. Konkurransetilsynet og Forbrukerrådet villeiar norske bokkjøparar med sine utspel. For det er eit kjenneteikn ved overgang frå fastpris- til friprismarknad at ei fåtal godtseljande bøker blir prisa lægre, medan gjennomsnittleg bokpris blir på same nivå eller går opp. Dette vil naturleg nok gjere at godtseljande bøker sel enda meir, og det blir vanskelegare å synleggjere og spreie mangfaldet i litteraturen.

Det blir hevda at det blir kjempa for boklov for å verne om ein bransje og etablerte strukturar. Det er feil. Ei boklov kan nettopp regulere bransjen slik at vi unngår misbruk av marknadsmakt og uheldige verknader av eigarstrukturar. Dei tre hovudprinsippa ovanfor skal verne om litteratur, språk og lesar. Vi må ta grep for å halde på eit mangfald av utgivingar og syte for at lesarar over heile landet har lik tilgang til eit godt utval av litteratur, utan at aktørar kan misbruke litteratur- og språkpolitisk motiverte ordningar.