Lykkefredag for tre forfattarar.

I ei av historiens kanskje vakraste grunngjevingar, vart Jan Roar Leikvolls forfattarskap skildra førre veke, då han fekk Stig Sæterbakkens Minnepris. Det heit mellom anna…

© Anne Schiøtz. Fra venstre: Leikvoll og Hagabakken

I ei av historiens kanskje vakraste grunngjevingar, vart Jan Roar Leikvolls forfattarskap skildra førre veke, då han fekk Stig Sæterbakkens Minnepris. Det heit mellom anna at Jan Roar Leikvoll viser en kompromissløshet med hensyn til tematikk, et repetitivt og svermerisk poetisk språk og ikke minst – å våge å skrive tre bøker som er såpass like i form, språk og innhold. Hans foreløpige forfatterskap er et av de mest gjennomførte og unike prosjektene i norsk samtidslitteratur. Forfattaren fekk igjen kunstnarskapen sin definert og hylla i dag, under Oslo Bokfestival, då han vart tildelt 200 000 kroner, og ord som at Leikvolls romangrep er så sikkert, språket så godt at lesaren sjølv må løfta auga frå teksten og reflektera over rett og gale, rett innanfor det gale, sjekka nok ein gong om det finst forsvar og tilgjeving.

Heile 320 000 kroner vart delt ut til forfattarar, av Bokhandlerforeningen, i dag. To stipend på 60 000 kroner gjekk til Wenche-Britt Hagabakken og Stig Aasvik. Juryen skriv om Hagabakken at hun skriver litteratur som både tilfredsstiller og utfordrer. Om Aasviks siste bok Indre anliggender, skriv juryen at Aasvik har perfeksjonert språk og refleksjon til en god formtopp.