Mál og meining

– Vi startar alltid i det ordlause. Då vi kom inn i dette rommet tok vi først inn stemninga, lyset, sidan kjem orda, seier Pia…

– Vi startar alltid i det ordlause. Då vi kom inn i dette rommet tok vi først inn stemninga, lyset, sidan kjem orda, seier Pia Tafdrup, som eit svar til eit spørsmål om det å vere poet etter hendingar som Oslo 22. juli. Rommet er storsalen i Nordiska Husid, Reykjavik, og anledninga Icebookfest, ein litteraturfestival. Før Tafdrup kom på scena i lag med intervjuaren, snakka Horacio Castellanos Moya, og før han Nawal El Sadaawi. Dagen før – Herta Müller, Sara Stridsberg. Men den danske poeten treff kanskje tida og staden aller best, med sine dikt om sorga etter å ha miste unge liv: (På bilda, frå topp til botn: Nawal El Sadaawi, Pia Tafdrup, Horacio Castellanos Moya og Sjón) Det er 11. september og siste dag av Bókmenntahátid, ein litteratufestival featuring nobel – og nordisk rådsprisvinnarar. Ein festival planlagt lenge før 22. juli. Men likevel er dette tema for samtala mellom Tafdrup og omsetjaren hennar på Island, Haukur Ingvarsson. Før Ingvarsson rekk å spørje spørsmål, les Tafdrup heile det diktet som ho skreiv etter 22. juli, og som byrjar slik: Syv kjoler for synlighheden// Jeg syr en kjole, som kan bæres/ stolt af den, der fødes med/ forventningsgnist i hjertets kar,/ den passer fuldendt stor og lille,/ spindes stærkt af regnens bue,/ den kan nydes hele livet,/ hvis der værnes godt om klædet.  Haukur Ingvarsson spør: <em>Mange mista målet etter det som skjedde i Noreg 22. juli. Er det poetens rolle å finne eit nytt språk for det uforståelege?</em> Tafdrup ikkje sjølv i Noreg då åtaket hendte. Ho var på reise, og høyrte nyhenda på radio. Sonen hennar var på veg til Oslo. Første reaksjonen hennar var ein slags språk – og handlingslamming. Men då ho hadde fått roa seg, og var på plass i ei skrivestove, då kom orda. Ho skal ha skrive ein heil dag bare om denne hendinga. Akkurat som ho gjorde då far hennar døydde. Både då og no hadde ho heilt andre prosjekt gåande. Men dei kom i skuggen av dei samtidige hendingane. To dagar etter, den 24. juli, då skreiv Tafdrup diktet <em>Syv kjoler</em>

– Eg skulle skrive meir direkte om hendingane. Men det kom for tett på, seier Tafdrup, som fortel at ho alltid høyrer radioaviser når ho er ute og reiser. Også no, til Reykjavik. 

– Eg treng å vite korleis det går med verda, fortel ho, og kallar det ein katastrofeberedskap. 

Tafdrup vann Nordisk Råds litteraturpris i 1999 for diktsamlinga Når der går hul på en engel. I 2005 gjekk den nordiske prisen til den islandske forfattaren Sjón. Han sitt også i det kunstnariske utvalet for litteratufestivalen i Reykjavik: 

– Vi er stolte over programmet, kommenterar han. Programmet er imponerande i seg sjølv, og blir meir imponerande med tanke på at kulturdepartementet, som alle andre instansar på Island, har fått kutt i budsjetta sine. I eit intervju til meg frå i fjor, hevda kulturministar Katrin Jonsdottir at kulturdepartementet hadde prosentvis minst kutt av alle statlege instansar. Dessutan er dugnadsanden er stor. Sjón er ikkje bare kunstnarisk rådgivar. Han er også intervjuar og vert, og introduserar Horacio Castellanos Moya slik:  

– Det var ei stund på åttitalet at den latinamerikanske magiske realismen var stort på Island. Desverre er det alt for lenge sidan vi har hatt ein frå dette kontinentet her på festivalen, seier han, før Moya tar over, og sett sommarens traume i perspektiv av El Salvador på søttitalet, med "forsvinningar", med statleg bestilte mord, og korleis ein aldri var trygg nokon plass. Særleg ikkje Moya, som dei ville drepe, men ikkje kunne drepe; som allereie hadde fått seg eit namn som ein som seier i frå. Moya reiste frå heimlandet, og kom tilbake. 

Den islandske forfattaren Kari Tulinius har óg reist til og frå Island. Han gjorde det frivillig, for å bu der kor venner av han budde, og for å skrive frå eit anna perspektiv enn frå øya i havet. Etter fleire år nord i USA, er han no attende i Reykjavik. Under årets festival er han bare publikum, og noko utålmodig etter å sjølv skape tankar og idear, tar han meg med til Kafé Haiti, ein plass kor kaffibønnene blir brente mens ein ser på. Nye nordiske litteraturmøte i gong. Men denne gongen sett han agendaen sjølv, og han går rett på sak, rett dit kor det brenn, til 22. juli og det sjokket som også han fekk, her, då han passerte ein sportsbar som alltid viser fotball, men som denne særskilte dagen hadde ordinære nyhende på skjermen.