Aktuelt

Mangfoldig Forfattersentrum-årsmøte

– No er alle sjangrar representerte i Norsk Forfattersentrum, sa styreleiar Per Olav Kaldestad i opningstalen sin til Årsmøtet 2015. I fjor diskuterte Forfattersentrums årsmøte…

dsc_0388

– No er alle sjangrar representerte i Norsk Forfattersentrum, sa styreleiar Per Olav Kaldestad i opningstalen sin til Årsmøtet 2015. I fjor diskuterte Forfattersentrums årsmøte om dei skulle opne foreninga for faglitterære forfattarar. Etter uravstemning bestemte NF seg for å inkludere også dei. Årets møte hadde ingen liknande stor vedtakssak. Årsmøtet vedtok årsmelding, handlingsplan, reknskap og budsjett, før medlemmane møttest til mat og prat for resten av kvelden.