Mannen som skal ha funne dramatikaren Fosse

På slutten av åttitalet jobba Kai Johnsen som regissør ved Den Nationale Scene i Bergen. Han var der då Jon Fosse utdanna seg til dramatikar…

På slutten av åttitalet jobba Kai Johnsen som regissør ved Den Nationale Scene i Bergen. Han var der då Jon Fosse utdanna seg til dramatikar ved Skrivekunstakademiet. Fosse skal ha vore desillusjonert i forhold til teateret. Ikkje hadde han tru på seg sjølv som dramatikar, og ikkje så stor tru på dramatikken heller. Men Johnsen hadde tru på Fosse. Han var den første som sette opp Fosse i teateret. Det heldte Johnsen også fram med. Mange kjenner Kai Johnsen først og fremst som den som «oppdaga Fosse», og som fekk Fosse ut i verda, som dramatikar. Då Johnsen blei kunstnarisk leiar ved Dramatikkens Hus, fekk han drahjelp frå Fosse ved opninga. Fosse var konsulent, og han skreiv ein monolog for opninga.
Sjølv var eg på Dramatikkens Hus seinast i går kveld, og fekk sjå ei timeslang stuntframsyning laga av filmstudentar frå Lillehammer. Stuntet er typisk for den form for teater som blir laga på Dramatikkens Hus: Ei gruppe folk kjem dit med blanke ark og mykje ståpåvilje. Ikkje minst kjem dei med støtte frå Kai Johnsen og resten av dei kunstnariske leiarane og koordinatorane. Etter ei veke med arbeid «på golvet», kunne filmstudentane i går vise ei sterk framsyning i fire delar, om foreldreskap, søskenkjærleik, om grensa mellom incest og kjærleik, einsemd og fellesskap. Ei modig og farleg framsyning, kor katastrofen verkar nær heile tida.
Søster: Liker du kake?
Bror: Eg liker sterk mat. Mat som svir på tunga.
– For ei veke sidan fanst ikkje noko tekst. Kva vi har sett i kveld er eit mirakel, seier Johnsen i ein tale etterpå, og avsluttar:
- Det er dette vi skal drive med her på Dramatikkens Hus: Tekstutvikling.