Med slangeskinnsstøvlettar etter Vinje

Nokre vandra over vidder, via turisthytter, frå Oslo til Vinjerock. Ragnar Hovland troppa opp i kjent stil, med slangeskinnstøvlettar på føtene, ein plastpose med vinyl…

© Vinjerock

Nokre vandra over vidder, via turisthytter, frå Oslo til Vinjerock. Ragnar Hovland troppa opp i kjent stil, med slangeskinnstøvlettar på føtene, ein plastpose med vinyl under armen. Les om sekstiårsjubilantens erfaringar frå rockefestivalen midt inne i Jotunheimen:© Mette Karlsvik (frå Vinjerock 2012, Jotunheimen)

Frå Vang, Valdres, stig vegen sakte men sikkert. Opp til fjellvegen, vidare opp mot høgda, og der, på høgda, tippar festivalbussen over kanten, opp på platået, og får sikt ut over Eidsbuen, fjellbogar i rekker og rad, den eine dusare enn den andre. I botnen av dalen ligg Bygdin, Eidsbugarden, Fondsbu. Frå turisthyttene i bukta står fleire hundre telt og tipiar. Tettare saman mot sentrum av festivalen; scena, turisthyttene. Når avstanden blir større til sjøen, er lufta større mellom kvar telt-knipp. Velkommen til Vinjerock, ein festival med bare to typar politi; dei som vaktar miljøet, og som passar på folk. Det er ein grøn festival. Folk bur på tipihotell. Hundrevis av grøne
lerretknoppar står opp frå bakken. Dalbotnen er eit søkk i jordkroppen, tipiane knuppar på huda. Utsikta frå Eidet til festivalområdet får meg
til å ande inn. Vinden står opp frå dalen. Det bles og regnar. Temperaturen skal vere 10, skal kjennast som seks. Det er 20. juli, og
av dei varmaste dagane her oppe i Jotunheimen. Men Vinjerock har namnet sitt etter forfattaren som vandra over Noreg, og skreiv Ferdaminni; ein
klassikar av norske langreportasjar, ein litterær dokumentar skrive med stø penn, insisterande på sitt eige språk. 
Referansen til A.O. Vinje til tross; det var først ved førre festival at litteratur fekk plass på programmet. Musikk og høgdemeter var byrjinga.
No har festivalen mange ulike uttrykk. Ei handling er i sentrum. Utviklinga er frå noko som er sjangerspesifikt, til å ha i sentrum eit
tema, idé eller konsept. 
I år blandar det lyriske i tekst seg med Vinjerockarar. På programmet står mellom anna Ragnar Hovland. Mellom programpostane sine, som er ein
"bokfrukost" og platesnurring, ruslar han rundt med vind i håret og kona sin arm under sin. Han går frå konsertar til Fondsbu, kor dei bur, og
får med seg mellom anna Den Svenske Bjørnestammen, Hekla Stålstrenga, Kaizers Orchestra. Og alle desse musikarane og fleire til kan bli kjende
med Hovlands forfattarskap. 
– Kvifor vart du valt ut som forfattar under årets
Vinjerock?
– Vanskeleg å svare på, men eg veit at ein del folk som driv med musikk
har lese nokre av bøkene mine. Og slik har eg visstnok fått eit rykte på
meg, fortent eller ufortent, for å vite litt om musikk og for å kunne
brukast i musikalske samanhengar, det vere seg pop/rock, folkemusikk,
jazz eller uforståeleg ny musikk. Og eg har då også blitt brukt i slike
samanhengar. Og det har ofte kjentest litt fint.
– Kva forhold er det mellom det du skriv og Vinjes forfattarskap?
– Eg set stor pris på Vinje, og det har eg gjort sidan eg begynte å lese
han litt for alvor, ein gong i studietida. Og det er dei essayistiske
tekstane eg set høgast. Vinje er skarp og morosam og respektlaus, og at
han i tillegg har ei lyrisk og romantisk side og likte å gå lange turar,
er berre som det skal vere.
– På kva måte er musikken mest tydeleg i din litteratur;
som tema, eller ein del av forma?
– Mest tydeleg er vel musikken som små drypp, korte referansar, som noko
som er eller har vore viktig for dei litterære personane, som har
forsterka periodar eller viktige augneblinkar i livet.
– Om slike drypp, viktige hendingar: Dumdum Boys spelte i striregnet i
går kveld. Gitarist Kjartan fortalde ein anekdote frå Hovefestivalen,
kor det òg regna, og kor jentene klaga over regnet fordi maskaraen ikkje
ville sitje. Dei høghelte skoa sette seg fast i gjørma på Hove, skal
jentene ha klaga. Og her stiller de i lange underbukser og fjellstøvlar,
på Noregs barskaste festival. De veit ikkje kor godt de har det, sa
Kjartan. Du stilte i slangeskinnsstøvlettar. Heldt du varmen? Heldt du
stilen? 
– Eg heldt absolutt varmen, og til ein viss grad kanskje også stilen. 
– På kva måte er slangeskinnstøvlettane dine viktige for merkevara
Ragnar Hovland? 
– Slangeskinns- og andre -skinnsstøvlettar er kanskje ikkje så viktige i
den store samanhengen, men det har no blitt eit slags varemerke, og dei
er merkverdig praktiske og veleigna i dei fleste samanhengar, og eg har
inntrykk av at mange ville bli skuffa viss eg ein dag dukka opp i heilt
vanlege sko! For ikkje å snakke om fjellstøvlar!
– Er det viktig at litteratur får plass på musikkfestivalar og andre
festivalar som ikkje er litteraturfestivalar?
– Så viktig er det vel heller ikkje, og det er klart at litteraturen er
eit ørlite tillegg, for den minoriteten som kan tenkje seg ein liten og
litt stille pause frå alt musikkstyret. Men det er no også slik at mange
som er interesserte i musikk også er opptekne av litteratur og andre
kunstformer. Så slik sett forsvarer den iallfall sin plass. Og det er
ein viss sjanse for at ein kan møte på nokre skikkelege entusiastar.
– Du har allereie signert eigne bøker for fans, har eg sett. Korleis
hadde du det elles på Vinjerock?
– Heilt fint. Men eg var glad for at eg ikkje, slik tilsynelatande mange
var, er avhengig av å dusje tre gonger om dagen! Det ville blitt mange
timar i dusjkø!
Så er dei ikkje heilt utan forfengelegheit, vinjerockarane. Men
kjærleiken, han kjennest over landskapet, og frå Vinje sine tekstar, og
frå hans eigen lidenskapelege forhold til Eidet og fjellheimen rundt
Fondsbu. Vinjefestivalen begynner med forfattarens forelsking til desse
fjella. Frå Vinjebu går ei rett linje via Vinjebautaen til Uriantind.
Ein høg og spiss knupp på Eidsvidda. © Mette Karlsvik (frå Vinjerock, Jotunheimen)