Metaperspektiv med smil

Godt tull har eit alvor i seg. Også dette: Nokre gongar hermar bokmeldarar den litterære forma i sjølve meldinga. Eit døme er den store stygge…

odd

Godt tull har eit alvor i seg. Også dette: Nokre gongar hermar bokmeldarar den litterære forma i sjølve meldinga. Eit døme er den store stygge meldinga av Ruth Lillegravens Store stygge dikt frå 2005. Men der kor Stina Steingildra lånte forma frå Lillegraven, er det ei haldning til skrivinga Surén låner til meldinga si. Meldinga av romanen er på vers, i Dag og Tid: Dikting er stundom det skire gull, men denne kritikken er kråkesølv. Han rimar ikkje for moro skuld, men som ein liten demonstrasjon: Trass i meldarens ambisjon handlar ei melding helst om seg sjølv, skriv Surén, om dette verket som Knausgård har skrive om seg sjølv.