Miste seg selv i Mehren

– Mehren var ein av dem Vindtorn sjølv sette høgest. Han er utvilsomt ein av våre viktigaste poetar, var noko av det forleggar Nygaard sa…

nygaard_tar_i_mot_pris

– Mehren var ein av dem Vindtorn sjølv sette høgest. Han er utvilsomt ein av våre viktigaste poetar, var noko av det forleggar Nygaard sa då han tok i mot prisen på vegne av forfattaren og biletkunstnaren. Mehren vart elles hylla av mellom andre juryleiar Arild Linneberg, statsråd i Kulturdepartementet, Knut Olav Åmås, og skodespelarane Bjarte Hjelmeland og Mestad, med Poetisk Festaften i eit nesten fullsett Drammens Teater. , som debuterte i 1960. 50 år seinare, har han gitt ut meir enn 30 bøker, dikt, romanar, essays og skodespeol. Han har tidlegare fått mellom anna Doblougprisen og Gyldendalprisen, og har fleire gongar vore nominert til Nordisk Råds Litteraturpris. 

 

Eg var heldig å finne debutboka til Mehren. Etter 22 sider med skildring frå sjela, etter ei teikning av landskapet av eit indre liv, så kjem avslutningsdiktet til Mehren: 

 

Men alt jeg kan fortelle er

sett med billeder av jord og himmel

natt og skyer vann og trær

 

Jeg har gått hjem fra markene

Jeg har sett månen stå for fulle seil

innover buktene og jeg har sett

regnet

stå over oddene som i eldgamle 

billeder

jage bort luftningers slørdans

mot kveld

Fra morkne broer har jeg sett

dråpenes 

ringspill i sivet, jeg har gått stier

gjennom natten som inn i et selv

bøyd over speilklare kilder

 

Og til dette, skriv VG sin meldar "Det er i seg selv et fint lite dikt og et program "gå stier inn i et selv". Kva han enn meiner med det, er tonen til meldaren 

 

Frå og med Mehren debuterer som forfattar i oktober 1960, er det minst fem nemningar av samlinga hans – berre i VG. Sannsynleg er det at det er minst like mange neminger i meir kulturorienterte aviser som til dømes Morgenbladet, og Aftenposten. Dette held fram året etter. Litteraturmeldaren i VG skriv, den 12. april 1961, om "Hildring i speil". Tittelen på meldinga er "Eksistensialistisk poesi?", og introduksjonen er Stein Mehrens debutbok i fjor stilte oss overfor en særepreget lyriker, med både en tematikk og en språklig form som var hans egen. Hans motivverden var det ikke lett å bli klar over den gang. 

På NRK radio  4. november 1960, klokka 18.30, eit program frå høstens lyrikk, der magistar Rolf Nettum snakkar om diktsamlingane "før det var for sent" av Astrid Tollefsen, "Brev til lyset" av Rolf Jacobsen, "Kommer du?" av Eivind Hauge og "Gjennom stillheten en natt" av Stein Mehren. Sistnemnte – ein debutant då. Dei øvrige – etablerte forfattarar.