Næss til Nicaragua

– Det var kan hende ein gjenkjennelse mellom oss, eit treff. Dei gjekk inn i tekstane mine frå ein annan vinkel og såg kan hende…

Tale Næss

– Det var kan hende ein gjenkjennelse mellom oss, eit treff. Dei gjekk inn i tekstane mine frå ein annan vinkel og såg kan hende andre kvalitetar ved dei, seier Tale Næss om førre gongen ho var i Latin-Amerika. Den gongen var det i Colombia. Men no får ho også til Nicaragua: Næss vann DnF sitt "Nicaraguastipend" for 2010, og får reise attende til Latin-Amerika.

Ytringsfridom og internasjonalt engasjement har alltid vore og vil alltid vere svært viktig for Den Norske Forfatterforening. Det er ein av grunnane
til at DnF gir "Nicaraguastipendet". Stipendet gjer det mogleg for ein norsk forfattar å reise til ein poesifestival i Nicaragua, og vere med på utveksling mellom landa.

Tale Næss har deltatt på ein poesifestival i Colombia, og bidro til ein antologi som dei gav ut. Etter dette, har ho vore invitert til den nicaraguanske poesifestivalen tre gonger. Men først i år kan ho dra. Det er takka vere stipendet frå DnF. Vi snakkar med henne ein kveld før ho skal ut på ein teaterpremiere ved Trøndelag Teater:

– Samarbeidet med den nicaraguanske festivalen, og dette utvekslingsarbeidet, er viktig for DnF. Men kva betyr det for din forfattarskap?

– Det betydde veldig mykje for meg å vere i Colombia den gongen. Ein fantastisk festival! Eg traff særleg mange forfattarar frå Latinamerika. Det var sjelssettende å vende blikket mot den tredje verden. Der var ikkje dei europeiske forfattarane nødvendegvis dei mest interessante. Latinamerikanarane vendte like ofte blikket mot afrikanske og asiatiske lyrikarar og andre frå 3. verden. Arrangementa foregikk ikkje Bare på kule kafear og interne litterære evenement, men og på gater og torg. Det var ein interesse blant heilt vanlege folk, for poesi.

– Var dei interesserte i poesien din?

– Det vil eg seie. Då eg var på festivalen i Colombia, blei det gitt ut ein antologi alle deltagerane var med i. I etterkant har eg fått fleire tilbakemeldinger og spørsmål på bakgrunn av tekstane mine der. Det var kan hende ein gjenkjennelse mellom oss, eit treff. Dei gjekk inn i tekstane mine frå ein annan vinkel og såg kan hende andre kvalitetar ved dei. Eg har kan hende hatt ein del av dei same erkjenningene som Pedro Carmona-Alvarez og Gunnar Wærness hadde under arbeidet med antologien sin ("Verden finnes ikke på kartet, red. anm). Det handla om å få eit anna blikk virkelegheita og litteraturen. Øve seg på å sjå den frå ein annan vinkel.

– Har du lese antologien?

– Eg har den frame og les stadig litt, og eg har høyrt Gunnar presentere sine tankar kring den.

– Korleis førebur du deg til reisa til Nicaragua?

– Eg har reist ein del før, som til Midtausten. Det viktigaste, har eg skjønt, det er å snakke med folk i det landet du skal til. I forkant av ei slik reise, er det om å gjere å ha kontakt med folk, og halde samtala gåande. Eg vil freiste unngå å møte dei med eit utanforblikk, men heller prøve å lytte til dei, og skjønne kor dei står. Vi må snakke saman som kollegaer. Det er ofte store frustrasjonar i slike prosjekt. Mykje handlar det om korleis ting blir drive. Det fekk eg kjenne då eg dro til Ramallah for å snakke med dei palestinarane som dreiv Ogarit prosjektet, eit utgjevelsesprosjekt på Vestbredden, og deira norske samarbeidspartnarar.

– Eg skal la deg dra på teateret. Men til slutt, er det noko som du tykkjer er viktig å seie?


– Bare at eg er særs glad for å ha fått stipendet!