Når oska skjelv (Nordisk Biblioteksveke)

Tre viktige bøker, og eit gamalt dikt skal denne veka bli lese høgt under "Nordisk Biblioteksveke". I tillegg til "Voluspå", har biblioteka valgt seg ei…

Tre viktige bøker, og eit gamalt dikt skal denne veka bli lese høgt under "Nordisk Biblioteksveke". I tillegg til "Voluspå", har biblioteka valgt seg ei bok frå kvart av desse landa: Danmark, Island og Sverige. Alle tre bøker er omsett til norsk, og to av dei til nynorsk. "Den Blå Planeten" av Andri Snær Magnason er ei av dei som er omsett til nynorsk. Vi ringer forfattaren og høyrer om korleis det kjennes å vere ein av "dei rette som slepp inn" på 2000 bibliotek.


"Nordisk Biblioteksveke" varar frå 8. til 14. november, og har mellom anna den daglege posten "Skumringstime". Då er det høgtlesning av bøker under tema "Det magiske norden". Undertittelen "Når Asken Skjelver". Eit dikt og tre bøker er plukka ut for å bli lese høgt over 2000 bibliotek over heile Norden: Voluspå er diktet som skal bli lese. "La den rette komme inn" av John Ajvide Lindqvist er vaksenromanen av året. For barn kan ein høyre "Den Blå Planeten" av Andri Snær Magnason og "Skammarens dotter" av Line Kaarbøl. Dei to siste bøkene er omsett til nynorsk, av forlaga Karviland og Samlaget – i same rekkefølge.
Vi ringer Andri Snær Magnason, til Island, og spør han kva han tykkjer om å bli valgt ved sia av den fantastiske
"La den rette komme inn":

– Det er sjølvsagt ein stor ære å vere ei av tre bøker som er valgt til veka, seier Andri Snær, som eg har tilbringt litt tid med i Reykjavik det siste året. Møta var profesjonelle, og i samband med ei sakprosabok som han har vore kjelde for. Andri fortalte då om den nynorske omsettinga av "Den Blå Planeten". Den gongen hadde han ikkje høyrt omsettinga. No har han fått nokre andre omsettinger på bordet.

– Nei, eg har ikkje høyrt heile den nynorske omsettinga. Men ei anna omsetting, som eg har høyrt at var veldig god, var gjort av ei trettenårig jente. Ho gjorde det på fritida si. Det var ein veld søt historie. Vi har ikkje publisert den omsettinga enno. Det var ein gong eit pengebeløp gitt av den norske kongen for å promotere islandsk barnelitteratur i Norge. Den Blå Planeten fekk støtte derfrå. Det er ein konge i boka også. Men han er slem. Difor er han er som ein fange i slottet sitt. Der gjer han ingen vondt. Eg har tenkt på at eg kanskje skulle endre "kongen" til "Administrerande direktør" – for den norske utgåva?


– Kanskje! Men kanskje ikkje. Eg trur ikkje at kongen vår tar det personleg. Han virkar som ein grei kar.


– Det blei litt kontrovers då vi prøvde å selge boka til USA. Den kom aldri ut der fordi det var for mykje spising av sel, og for mange klemmar og kjærleik. Eg spurte amerikanarane om eg skulle la folka gi selane klemmar i staden, og slå i hjel vennene sine. Eg fekk aldri eit svar frå amerikanarane. Kvart land har kvar sine tabu. Eg har høyrt at "Keisaren sine nye klede" ikkje er gitt ut på norsk?

– Jau, det er den!

– Eg har bare hatt eit inntrykk av at nordmenn treng å losne opp litt. I Sverige har kongen gjort dumme ting. 

– Du er oppteken av kongar!

– Så klart eg er! Den beste islanske litteraturen er jo kongesagaer! Det var vårt første og viktigaste eksportprodukt! Kanskje er det dette vi må fortsette å gjere: Eksportere kongelitteratur til Norge. 


– Det er sagt om den nynorske utgåva av Den Blå Planeten at den minner om sagalitteratur. Kva tykkjer du eigentleg om sagastil i litteraturen?


– Dei norske omsettingene av sagalitteraturen er ofte overforenkla. Vi blir nokre gongar overraska over å høyre korleis stor litteratur har blitt redusert. Den originale teksten er minimalistisk og presis. Eg er ikkje så tålmodig med lang tekst. Eg liker konsentrerte bøker, som sagalitteraturen. 

Det er ikkje så mykje tekst i Den Blå Planeten heller. Og er det ikkje ei bildebok, eigentleg? I Norge har vi hatt ein debatt rundt ei billedbok som blei meldt for ei avis – utan å rekne med bildene. Korleis fungerar Den Blå Planeten som høgtlesing?

– Det er ikkje ei bildebok som så. I Italia er den gitt ut heilt utan illustrasjonar. Den har også blitt adoptert til scena, og vist på to teater. Men, jau, originalutgåva av boka er best. Eg og illustratøren jobba ganske nære med den. 

Den siste gongen vi traff kvarandre, var du i startfasen på ei anna bok. Du fortalte om eit eventyr om ei jente som blei lagt i ei kiste av spindelvev. Vevnaden var så tett at tida stoppa. Foreldra hennar ville ikkje at ho skulle eldast. Kor er du i løpet med den boka no?

– Halvvegs! Halve boka handlar – igjen – om ein konge. Kongen tykkjer at det er urettvist at han og tjenaren hans skal leve like lenge. Han vil aldri ha nok tid til å smake på all den maten som finnst i verda, lukte på all vinen som finnst, eller sove i alle slotta sine. Han spør nokon om å finne opp ein måte å stoppe tida, og får ei kiste. Den virkar å vere laga av glas. Men det er silke frå edderkoppar. Denne gir han til prinsessa. Når ho ligg der, kjennes ei veke som eit sekund. Slutten er ikkje klar enno. Eg jobbar også med ein dokumentarfilm og nokre andre ting. 

Det høyres ut som om du treng nokon til å stoppe tida for deg! Eg skal ikkje bruke meir av tida di no. Men til slutt: Er det noko anna du vil seie til nordmenn, når vi først snakkar i lag?

– De må slutte å pumpe opp all olja dykkar. Det gjer dykk lage. Og ungane dykkar kan trenge den i framtida. 

Då står det bare att å oppmoe alle om å vitje biblioteka i Norge, Sverige, Danmark eller kor de enn er. Og om de går til dei rette biblioteka, kan de endåtil bli ønska velkomne av prisvinnande, norske forfattarar: På Deichmanske Bibliotek filial Torshov jobbar for tida forfattar Lars Petter Sveen. Han vann Tarjei Vesaas’ Debutantpris for eit par år sia. Ein annan Tarjei Vesaas’-vinnar jobbar ved Bergen Bibliotek: Nils Henrik Smith. Og om de helst bare vil vere heime, så rår eg dykk til å låne filmutgåva av "La den rette komme inn". Romanen blei filmatisert av Tomas Alfredson, og vist på norske kinoar i fjor. Miljøet var ein beige og bleik forstad til Stockholm med halvhøge lågblokker, glissen, halvdød småskog. Hovudpersonen i boka, "Oskar" er ein relativt fargelaus og nesten blodfattig outcast med stor interesse for "døden". Når han blir venn med ein vampyr, møter han henne med nysgjerrigheit og varme, og ikkje forakt. Dei bleike, nesten heilt utbrente bilda får render av blodraudt. Vampyrvalden kjem først etter at skittensosialrealismen har dratt sjåaren godt inn i historia. Det gjer valden særleg sterk, når den først slår til.