Nestegard: – Mageplask på Lillehammer


– Etter seansen på Lillehammer har trua på at ho vil slåst for bokbransjen, fått ein alvorleg knekk, skriv Dag H. Nestegard, redaktør i bransjebladet…

– Etter seansen på Lillehammer har trua på at ho vil slåst for bokbransjen, fått ein alvorleg knekk, skriv Dag H. Nestegard, redaktør i bransjebladet Bok & samfunn i eit innlegg som i går, laurdag, var trykt i Klassekampen og Dagbladet. Her er innlegget i heilskap:

Tolv europeiske land har til no vedtatt ei fastprislov som sikrar både breidde og geografisk utbreiing av bøker. Aps Gunn Karin Gjul har foreslått det same for oss, og hausta støtte frå ein samla bransje. Gunn Karin Gjul er leiar for kulturkomiteen på Stortinget, og sidan i vinter har ein samla bransje lurt på kva status er for kulturminister Anniken Huitfeldts arbeid med forslaget frå partikollegaen. Difor såg mange fram til å høyre statsråden i paneldebatt med sentrale aktørar under festivalen på Lillehammer.
Før statsråden fekk ordet refererte redaktøren av bladet Svensk Bokhandel, Lasse Winkler, erfaringane frå friprislanda, Sverige, UK og Amerika. Winkler fortalte at prisen i desse frie marknadane går opp, at fokuset er på bestseljarlitteraturen og at den svenske forfattaren har det langt hardare enn den norske. Så snakka Anne Oterholm frå Forfattarforeininga om dei franske erfaringane etter snart 30 år med fastpris. Kortversjonen er at erfaringane frå Frankrike er gode, og noko norsk bokbransje bør ta lærdom av.

Korleis møtte så Anniken Huitfeldt ein samla norsk bokbransje på Lillehammer? Svaret er at statsråden heldt forsamlinga med godt snakk den tida ho var der, og reiste før seansen var over. Bodskapen frå regjeringa var at her treng ein meir informasjon, og det var i grunnen alt ho sa. Ho ville ikkje ein gong stadfeste det alle veit, nemleg at saka har vore til behandling i regjeringa fleire gonger.

Vi har sett mange norske statsrådar i aksjon gjennom åra, men denne innsatsen imponerte ingen. Kvifor kunne ikkje kulturministeren tenke høgt om moglege vegar fram til ei boklov? Ho kunne til dømes utfordra bransjen på at det skal vere meir kreativitet i marknader med frie prisar, og vist til at folk meiner bøker generelt er dyre. Eller ho kunne fortalt kva Ap meiner i denne saka. Ho kunne signaliserte kor ho sjølv står. Er ho for eller mot bransjen i dette spørsmålet? Vil ho at bransjen skal inkluderast i arbeidet med ei slik lov? Alt dette er høgst uvisst. Vi veit ikkje ein gong om ho vil arbeide i det stille utan innblanding. Ein samla bransje lever i uvisse.

Vi har lenge mistenkt Anniken Huitfeldt for å vere meir opptatt av kvinnesak enn kulturpolitikk. Vi har også registrert at mange er kritiske til innsatsen hennar som fagstatsråd. Vi skal ikkje setje oss til doms over kor sterk eller svak ho er i møte med dei andre statsrådane i regjeringa, men etter seansen på Lillehammer har trua på at ho vil slåst for bokbransjen, fått ein alvorleg knekk.