Warning: mysqli_real_connect(): not found in /customers/2/6/4/czhnsdg2t/webroots/r1168646/wp/wp-includes/class-wpdb.php on line 1987 - No er det alvor - Den norske Forfatterforening

– No er det alvor

I 1976 får Vesaaslandet eit nytt forfattarhåp. Erlend Kaasa blir fødd her; i Vinje; kommunen som fostra både Tarjei, Guri og Olav Vesaas, der Stein…

Foto: Tuva Vestrheim Kaasa

I 1976 får Vesaaslandet eit nytt forfattarhåp. Erlend Kaasa blir fødd her; i Vinje; kommunen som fostra både Tarjei, Guri og Olav Vesaas, der Stein Versto kjem frå, og den samiske forfattaren Hege Siri busett seg. Å vekse opp i dette landskapet gjer noko med unge Kaasa:

– Vesaas var ein gigant, sjølvsagt. Som gut såg eg vel på han som ein slags "larger than life"-karakter, så innvoven i alt rundt meg at han nesten var å rekne som eit naturfenomen. Sjølv om eg langt ifrå har lese alt han har skrive, så har han utvilsamt vore viktig. Stein Versto har eg kjent heile livet. Han har alltid vore eit førebilete, både som kunstnar og menneske, og har prega meg vel så mykje som Vesaas. Generelt er eg nok sterkt påverka av å kome frå ein stad med så mange profilerte og akta kunstnarar. Nokre har gått vegen før ein. Då kjennest det meir naturleg å følgje etter.

Kaasa kjem til Bergen i 1999 og utdannar seg til medievitar ved Universitetet i Bergen. Samstundes begynner han å skrive skjønnlitteratur. Han skriv tekstfragment, meir som skisser, som langsamt glid inn i det han kallar «eit felles narrativt univers»: 

– Då eg omsider tok mot til meg og sende nokre tekstutdrag inn inn til Samlaget i 2003, fekk eg oppmuntrande tilbakemeldingar. I tida som følgde skreiv eg litt no og litt då, men eg greidde aldri å mobilisere den disiplinen som måtte til for å lose prosjektet i hamn. Fyrst i 2007 bestemte meg for å ta skrivearbeidet på alvor. Eg bretta opp ermene, og skreiv i det som opna seg av ledige stunder mellom jobb og familieliv. I februar 2008 sende eg inn eit fyrsteutkast til ein roman, og to månader seinare blei eg antatt av forlaget.

Ved UiB skriv Kaasa hovudoppgåva si om David Lynchs Mulholland Drive. Det kan forklare noko av bakgrunnen for motivkrinsen i debutromanen Thunder Road (2009). Å vere blindt forelska, eller så glad i nokon at ein nektar for å sjå at ein blir sviken. Omslaget er ein highway som henta frå ein Lynchfilm. Eg meiner nemleg å hugse at Thunder Road var Samlagets gåve til frammøtte ved haustlanseringa i 2009. 

– Kvifor vart nettopp den boka utvalt, trur du?

– Eg veit ikkje kva strategiske vurderingar forlaget la til grunn, men konstaterer at boka fekk mykje PR. Der og då hadde eg nok ei naiv førestilling om at merksemda var ein heilt naturleg del av debutantritusen. Fyrst i ettertid har eg innsett kor privilegert eg var som fekk oppleve å debutere med ei bok som forlaget satsa på.

Kaasa busett seg i Indre Arna utanfor Bergen, og arbeider som lærar samstundes med skrivinga; først ved katetret på ein vidaregåande skule og sidan som avdelingsleiar ved same skule. Han er låtskrivar, vokalist og gitarist i bandet  Personalportalen. I 2015 kjem den andre boka, Livius; ein roman om "Lam" som kjempar mot invasjonsstyrkar under ein krig.

MK: Kor mykje hentar du frå deg sjølv og kor mykje frå historien og det dokumentariske?

EK: Thunder Road er ein oppvekstroman, og då boka kom ut, meinte fleire lesarar – særleg frå heimtraktene mine – at dei kunne sjå tangeringspunkt mellom romanuniverset og mitt eige levde liv. Eit stykke på veg hadde dei sjølvsagt rett i det. Den fysiske plassen handlinga utspelar seg på, er til dømes ein ganske samvitsfull kopi av heimbygda mi. Der er nok også visse aspekt ved hovudkarakteren som kan minne ein del om meg. Men romanstoffet er smidd etter mål som er gjevne av ein narrativ logikk, og er såleis fyrst og fremst ei fiksjonalisert framstilling, ei forteljing, som omhandlar eit dramatisk år i livet til ein ung mann i utkant-Noreg. Og som dei fleste andre forteljingar, krinsar også denne forteljinga rundt tema som kjærleik, død, brorskap og svik. Samstundes freistar ho å skildre hovudpersonen si smertefulle pendling mellom idealisme og desillusjon. Og nettopp denne pendlinga står sentralt også i den andre boka mi, krigsromanen Livius. I så måte kan ein kanskje seie at båe bøkene, trass i store tematiske skilnader, har eit felles hovudmotiv.

MK: Kva av folk sine lesingar har du tatt med deg vidare?

EK: Det som har overraska meg mest i positiv forstand, er tilbakemeldingane som framhevar dei dramaturgiske kvalitetane i Livius. Fleire bokmeldarar hevdar til dømes at eg har skrive ein spennande roman. Dette var aldri tilsikta frå mi side, men ikkje mindre gledeleg av den grunn. Ein kritisk lesar skreiv at eg i delar av romanen framstod som "Carl Frode Tiller på sparebluss". Utifrå premissane han la til grunn, kan eg ikkje vere usamd med han. Romanen opererer med to forteljarnivå, og det er absolutt mogleg å kritisere det eine av desse nivåa for å vere både overflatisk og "lettvint" i handsaminga av somme tema. Kor stor vekt lesaren tillegg dette  forteljarnivået, vil avgjere om det litterære prosjektet kollapsar eller ikkje. Å skrive med ein slik risiko, er ikkje nødvendigvis noko eg kjem til å gjere igjen.

MK: Kvar går du no som forfattar?

EK: Eg er nettopp blitt tildelt eit arbeidsstipend som vil gjere det mogleg å investere langt meir tid og krefter på skrivinga enn eg har kunna fram til no. Eg håpar sjølvsagt at dette vil ha ein positiv innverknad på arbeidet mitt. Samstundes anar eg konturane av eit press eg ikkje har kjent på før. No er det alvor!

MK: Du jobbar også som lærar. På kva måte liknar den typen formidling som du driv med som lærar på det å skrive forteljingar?

EK: Læraren si formidlingsform er i all hovudsak muntleg, og dermed også flyktig, og vil alltid stille krav til tilpassing og improvisasjon. Slik sett kan det kanskje argumenterast for at formidlinga i klasseromet er alt det skrivinga ikkje er. Samstundes er det pedagogiske arbeidet ofte strukturert i tråd med dramaturgiske prinsipp. Tenk berre på korleis ein meir eller mindre ubevisst deler undervisningstimar og prosjektarbeid inn i ulike dramaturgiske fasar, så som anslag, utdjuping, opptrapping, klimaks og avrunding. Personleg brukar eg ofte forteljingar som pedagogiske illustrasjonar og likningar – eller digregerande pauser. Forteljinga er ei kulturell grunnform som imiterer erfaringa si form. Difor eignar ho seg så godt til læringsarbeid.