Nominér til Wergelands åre

Wergelands åre er ein pris som blir delt ut annakvart år. Den skal gå til personar eller institusjonar som i si verksemd har bidrege til…

annelita_meinich_foto_guri_sorumgard_botheim_norsk_forfattersentrum

Wergelands åre er ein pris som blir delt ut annakvart år. Den skal gå til

personar eller institusjonar som i si verksemd har bidrege til forståing, formidling og synleggjering av poesi. Prisen blir delt ut rundt Henrik Wergelands fødselsdag 17. juni og er på kr. 10 000,-.

 

Norsk Forfattersentrum ønskjer med dette å slå eit slag for poesien, i alle former og alle medium. Prisen blei første gong delt ut i 1997.

 

I 2016 skal Wergelands åre delast ut på ny, og vi ønskjer forslag på gode namn frå medlemmene. Etter at vi har mottatt forslaga, vil ein jury samansett av Mads Breckan Claudi og Marte Huke frå styret og Eirik Ingebrigtsen frå administrasjonen gi ei innstilling til styret, som kårar vinnaren.

 

Tidlegare vinnarar:

1997: Turid Birkeland

1999: Oslo Sporveier – dikt underveis

2001: Dagbladet – diktbasen

2003: Volapük

2005: Erling Kittelsen

2008: Jan Erik Vold

2012: Hanne Bramness

2014: Diktafon ved Annelita Meinich

 

Forslagsfristen er 1. februar 2016