Aktuelt

Nominerte til NRK-pris

Olaug Nilssen, Maria Kjos Fonn, Tore Renberg, Ida Fjeldbraaten, Terje Holtet Larsen og Lars Amund Vaage er nominerte til P2-lyttaranes romanpris.

NRK si eiga litteraturkåring, «P2-lyttaranes romanpris», er den einaste i Noreg der juryen diskuterer seg fram til ein vinnar for open mikrofon. Jurymedlemmane er valde ut blant vanlege lesarar som har søkt om å delta. Dei skal kåre vinnaren den siste veka i februar 2021.

Her er dei seks nominerte romanane frå 2020 som er valt ut av fagjuryen til NRK:

«Jerv» av Ida Fjeldbraaten
«Heroin chic» av Maria Kjos Fonn
«Oppskrittingen av et indre landskap» av Terje Holtet Larsen
«Yt etter evne, få etter behov» av Olaug Nilssen
«Tollak til Ingeborg » av Tore Renberg
«Det uferdige huset» av Lars Amund Vaage 

Les meir om bøkene her: https://www.nrk.no/kultur/dei-seks-nominerte-til-p2-lyttaranes-romanpris…