Ein nordisk eller skandinavisk storstat mot nazismen. Det var ein av fleire store tankar som den islandske forfattaren Gunnar Gunnarsson gjorde seg på trettitalet. Ein ny biografi om norgesvennen og skandinavisten hevdar i alle fall det. Til no har historiar om Gunnars engasjement med tyskarar før og under krigen dominert historiene om han. Biograf Jon Yngvi Johansson forklarar Gunnars besøk til Hitler med fleire ord, og nyansar. Nokre stikkord er idéen om at han kunne samle Norden, og idéen om at han kunne snu Hitler. Her kjem ein rapport om Gunnar, sendt frå gården som han fekk teikna for seg av ein tysk arkitekt i 1938. Skriduklaustur var i si tid det største gardsbruket på Island.
Det er stiv kuling i Fljotsdalur i dag. Vinden kjem opp fjorden, frå Egilsstadir ved kysten, og forbi Skriduklaustur. Steinslottet er på vegen opp mot Snæfell, Nordaust-Island, og tilhøyrer i dag Gunnar Gunnarssons Institutt, ei stifting som tar vare på dette huset som forfattaren fekk bygt i 1938. Og som forsøker å reinvaske Gunnars rykte. Eit av rykta som gjekk om han, var at han var krigsprofitør. At det var slik han hadde råd til å bygge Skriduklaustur. Sosiale problem som følgje av krigen jaga Gunnar frå bygda. Han fekk bygt ei ny storstove. Gunnarshus på Snobb Hill, Reykjavik. Begge husa sine har han gitt bort – til litterære føremål. Gunnarsshus er i dag lokale for forfattarforeininga i landet. Skriduklaustur er eit slags museum. Og her oppe i det nordaustlege hjørnet, her er ei lita leilegheit. Der får eg bu og jobbe. Gjennom småruta glas ser eg ned til ein innsjø, over hundre meter djup. Folk seier at det er ein sjøorm der nede. Folk seier så mykje rart. Ting som før er sagt om Gunnar Gunnarsson blir no sett i perspektiv av nye ytringar. I den nye biografien om Gunnar er ein av hovudbodskapane at Gunnar samtala med Hitler for å snakke han frå krigen. Og at Gunnar sin visjon var å samle Norden eller Skandinavia til ein sterk stat som sto i mot Tyskland. Og mot Storbritania.
Tilbake til start. Gunnar Gunnarsson var fødd 18. mai 1889 på Valþjófsstaður i Fljótsdalur, og debuterte litterært med Dikte i 1911. Han skreiv på dansk, og fekk eit stort publikum, selde godt, var godt likt. Sjølv likte han forfattarar som Olav Duun og Henrik Ibsen. I 1937 handla han seg flybillett til Bergen, eins ærend for å sjå eit stykke av Ibsen bli sett opp på DNS.
Forfattaren Gunnar Gunnarsson hadde samtalar med Hitler under krigen. Då det sto mellom han og Halldor Laxness om Nobelprisen i litteratur, gjekk det til Laxness. Etter tildelinga skal Ernest Hemingway ha ringt til Gunnar og sagt: det var du, ikkje Laxness som skulle ha hatt prisen. Han var ikkje bare oppteken av norsk litteratur, den islandske forfattaren. Han kjent for å vise, og ikkje fortelje så mykje, i litteraturen sin. Som Hemingway sjølv. Ryktene skal ha det til at Hemingway forma Den gamle mannen og havet etter Gunnars Advent.
Biografien om Gunnar kom rett før jul, og er skriven av ein litteraturvitar og -kritikar. Jon Yngvi Johansson underviser i islandsk og skandinavisk litteratur på universitetet på Island. For Gunnar Gunnarsson – a Biography, har Jon Yngvi mellom anna analysert heile Gunnars forfattarskap inngåande, og meiner at det ikkje er nazistideologi der.
Men spørsmål heng framleis i lufta, sjølv her på Gunnar Gunnarssons institutt, kor eg er omringa av patriotar og framsnakkarar av ein potensiell lokalhelt: Kvifor dette utvida samkvem med tyskarar før og under krigen: Kvifor få ein naziarkitekt til å teikne garden for seg, kvifor vere så ivrig på å få så mange av sine titlar gitt ut på tysk? Eit svar kan vere Versaille-traktakten, som gjorde fleire positive til Tyskland etter 1. verdskrigen. Når det gjeld å bli publisert på tysk, var dette gjort enklare for skandinaviske forfattarar på starten av 1900-talet. Bjørnstjerne Bjørnsons dotter Dagny gifta seg med forleggaren Albert Langen. I tillegg til Gunnar Gunnarsson, publiserte dette forlaget også Hamsun.