Nordentialisme

Sommer Melbu er no. Kulturfestivalen er no. Sjølv om litteraturseminaret var ferdig i går, søndag, og "litteraturressursane" Tor Eyvind Øverås, Morten Strøksnes og Erling Kittelsen…

Sommer Melbu er no. Kulturfestivalen er no. Sjølv om litteraturseminaret var ferdig i går, søndag, og "litteraturressursane" Tor Eyvind Øverås, Morten Strøksnes og Erling Kittelsen har forlatt festivalen, så er det framleis filmdagar, kunstfilosofisk seminar, utstillingar og konsertar att. Forfattarane har dratt på guttetur på eit hus disponert av Strøksnes – langt ute i havgapet. Det er tema for årets litteraturseminar i praksis: Reisene og det å skrive om dei.

 

Widerøes rute WF888 tar av frå nord mot sør på Bodø Hovedflyplass. Havet kjem
opp på sida av flyet. Havet reiser seg, introduserar seg som Hahu, og vinkar flyet
til seg. Flyet  dreier nordvest, og kjem over Vestfjorden. Det flyg i
eit kvarter før landskapet kjem til live igjen. Havet blir så klårt
at det er som eit lys kjem opp frå det. Svarte klippar kjem opp frå det. Flyet
kjem over Vesterålen, over Salen, De Sju Søstre. Mørk grå granitt brote opp av
Trollfjord; eit stykke glitrande, knallfarga edelstein. Øksfjord, Vestfjord, Hammarøy, Hamsun,
eg er på veg til ein løynd skatt, til Litteraturseminaret Melbu; ein del av
kulturfestivalen Sommer Melbu. Vesterålen har midtsommar, men har fargar og lysforhold i kvar ende av
skalaer. Det er ikkje midt på. Det er kvitt og svart, er turkis og
lysande gulgrønt. Kunstprogrammet har både biletkunst og litteratur, film og kunstfilosofi. Reiselitteratur er tema for det litterære seminaret i år. Det
er forfattar og medlem i DnFs Internasjonale Utval, Tor Eystein Øverås som har
ansvar for seminaret. Sakprosaforfattar Morten Strøksnes toppar plakaten, som
også har namn som Arne og Elna Melberg og Erling Kittelsen. Kittelsen er skapar
av havkreaturet Hahu som Forelsker seg lett, særlig i helt andre
typer enn seg sjøl – og straks vil ha barn med dem – blir de en blanding av alt
mugli. hahu går sjelden opp til overflata. Du må dra til dem i drømme eller til
trommemusikk som løfter deg på sine trommesåler, så du kjenner deg som én som
løper eller flyr utover sjøen og plutselig springer rett til Hahu nede i en
måne – og maskeverden. Erling Kittelsens fire fabler om
havkreaturene er samla i ei bok, Sollo, som han bær på i ei svart lærveske. Den høge
poeten er lett å sjå i den låge, tette trebebyggelsen i Melbu Sentrum.
Det er søndag og strålande vêr. Folk overalt, på litteraturseminarets siste
dag. Kittelsen har resitert dikt seks gongar sidan laurdags føremiddag. Han er
festivalpoet på festivalen i havgapet. Fordi havet er reint og strendene kvite,
blir lagunene grøne som vårsymre. I slettene og rundt knausane blomstrar
plantar som er merka "veks ikkje nord for polarsirkelen". Dei lokale
variasjonane er store. Bak sentrum gressar sauer i syregrøne enger. Ein iskald,
salt havvind står stadig inn frå havet. I sentrum står husa så tett at vinden
ikkje får tak. Inne i eit av husa, festivalkontoret, står påtroppande leiar for
Nordlands Akademi og difor Sommer Melbu, Maria Johansen, og ser ut av glaset og
til bakgården. Der er detbenkar. Det har allereie vore ei veke med festival.
Maria tar gjerne ein pause og ein prat om Sommer Melbu.

– Vi kan gå på vertshuset, spise noko varmt,
seier Maria. På vertshuset er det bacalao. Men bakgården har roser og sol, og fata
på kjøkkenet bak kontoret til Sommer Melbu har bordar av roser. Bakgården er
lys som utbrente polaroidbilde. Det er eit kvitt, kaldt lys. Vesterålen rundt
midtsommar. I år er Maria her for å lære. Neste år på denne tida arrangerar ho det
27. Sommer Melbu; ein småbyidyll med låge trehus, nokre sveitservilla, og eit
uvisst men tilsynelatande stort antal industribygg som blir brukte til kultur
av ulik art. Kafeen og konsertscena Røkeriet ein fiskehandel med landets beste
kaviar. Sildeoljefabrikken blir konsertlokale. Små og store hamnebygg blir
pussa opp og tatt vare på.  

På Sommer Melbu er dei inviterte "ressurspersonar", og ikkje
først og framst foredragshaldarar. Helst skal dei vere slags innleiarar som kan
inspirere til debatt. Sjølv hadde eg desverre bare mulegheit til å vere i Melbu i fire timar.
Eg fekk ikkje lytta til framlegg som "Kvinner i antarktislitteraturen" av Anka Ryall
eller Enel Melbergs "Resan tilbake. Om at återvände til det förlorade landet".
La oss återvände til rosenbuskene i bakgården til festivalkontoret. Maria Johansen svarar på spørsmål
om kvifor ho trur at ho fekk jobben som leiar for Nordlands Akademi. 

– Kanskje fordi eg har ei blanding av administrativ og praktisk erfaring innanfor kulturlivet?
Alle her lever doble liv. Dei har ein vanleg jobb på dagtid, men er musikarar eigentleg, seier Maria,
som sjølv er folkemusikar. Akkurat som islendingar. Samanlikninga er ikkje urelevant. Ein gong i tida var
Melbu ein hovudstad for dette området. Her var det ei viktig hamn med mottak
for fisk, og rutebåt til mellom anna Island. I dag ligg Nordlands Akademi for
kunst her. I kunstkomitteen for akademiet er Pål frå Trøndelag som har ein
løynt vinkjellar korfrå han tryllar italiensk kvalitetskontrollert raudvin.
Vinen gir han til Øverås rett før Øverås og gutta reiser på hyttetur. Vinen er ein takk
for arbeidet han har lagt ned som frivillig. Øveraas har vore prisa av “sine
eigne” før også, som i 2005, då han fekk Havmannaprisen i Mo i Rana; med bokbad
og opplesning ved Nasjonalbiblioteket der. Ikkje rart. Frivilligheita frå Øverås er med på å
gjere litteraturseminaret eit internasjonalt nivå. Og med det kjem ein annan frivillig bort til meg,
ein annan av desse englane, og kjører meg tilbake til Skagen flyplass.
Nei, eg er ikkje ein Twin Otter på veg frå Mo i Rana. Øystein Sunde er langt unna.
Noreg kjennes langt unna. Vesterålen kjennes ikkje som Noreg.


Foto er ved Lill Eilertsen. Takk til henne.