Nordiske veker/ dornisk kreve/ onreve dikker

Då Jan Erik Vold fylte 70 i forfjor, omsette den islandske forfattaren Gúdrun Eva Minervusdottir diktet Kulturuke til islandsk. På Skridurklaustur i innlandet av Island,…

fljotsdalur

Då Jan Erik Vold fylte 70 i forfjor, omsette den islandske forfattaren Gúdrun Eva Minervusdottir diktet Kulturuke til islandsk. På Skridurklaustur i innlandet av Island, har eg ikkje i kveld omsetjinga for handa. Kanskje finn de ho i boka som redaktør Bendik Wold laga i gåve til Vold. Gúdrun Eva laga minst to utgåver av Vold-remixen. Den eine kalla menningarveke, den andre kúlturveke. Begge var dei gode å høyre på då "artangel" (som ho blir kalla av britiske kollegaer) Gúdrun Eva las dei høgt for meg på Kafé Næsti, Reykjavik, november 2009. 
Frå heimen til forfattaren Gunnar Gunnarsson (1989 – 1975) vil det denne veka bli sendt artiklar om dei ulike nordiske forfattarforeiningane. 31. januar møttes nordiske forfattarforeiningsfolk til møte i Oslo. Representantar for dei skjønnlitterære seksjonane i dei nordiske forfattarforeiningane kom til DnF i Rådhusgata 7. Tema var mellom anna kontraktar og avtaleverk, med fokus på e-bøker. Sjølv om noko er likt i dei nordiske landa, står Noreg på mange måtar i ei særstilling fordi vi har fastpris og litteraturabonnement. Kva er stoda når det gjeld avtalar og litteraturpolitiske verkemiddel i dei andre landa? Og kva gjer det med produksjonen av litteratur der? 

Vi har tidlegare sett på kva dei nordiske landa og den nordiske litteraturen har til felles. No skal vi sjå på dei meir strukturelle og formelle sidene ved litteratur; det som har å gjere med forfattarar sine kår, og den politiske og økonomiske konteksten kring skrivinga. På møtet 31. januar byrja ein samtale om normalkontraktar generelt, og kontraktar for e-bøker spesielt. Det handla om forholdet mellom forfattarar, forlag og bokhandlarar, og om fråver eller nærver av abonnementsordningar, innkjøpsordningar og andre litteraturpolitiske verkemiddel. Fleire frå dei nordiske forfattarforeiningane såg til Noreg som eit føregangsland kva litteraturpolitikk gjeld. Frå i morgon vil vi presentere ulike perspektiv på desse spørsmåla, frå ulike nordiske land. Det skal bi ei nordisk veke på denne nettsida.