NORLA: Litteraturglad gjeng med ny sjef

Denne litteraturglade gjengen i NORLA – senter for norsk litteratur i utlandet – har fått ny sjef. Margit Walsø har overtatt som direktør etter Gina Winje. Medarbeiderne…

Front

Denne litteraturglade gjengen i NORLA – senter for norsk litteratur i utlandet – har fått ny sjef. Margit Walsø har overtatt som direktør etter Gina Winje. Medarbeiderne i NORLA gjør en viktig og entusiastisk jobb for å styrke interessen for, og dermed også salget av, norsk litteratur. Walsø, som kom fra stillingen som forlagssjef i Samlaget, forteller at den internasjonale interessen for norsk litteratur er økende.

– Norsk litteratur er framfor alt prega av kvalitet og breidd, og ut frå dette har det kome mange eineståande forfattarskapar, sier Walsø til DnFs hjemmeside. – Når desse slår an ute, og blir omsett til mange språk, skapar det igjen auka interesse for norsk litteratur, og fleire blir aktuelle for utlandet. 

 

 

 

– Du har ledet NORLA noen dager nå – hva er førsteinntrykkene?

 

"Eg har blitt tatt veldig godt imot av NORLA, og blitt kjent med svært hyggelege og engasjerte medarbeidarar med lang erfaring og store kunnskapar om det som krevst i prosessane for å bringe norsk litteratur ut i verda. NORLA er ein unik aktør i bokbransjen, med mange samarbeidspartar i inn- og utland; omsetjarar, forfattarar, forlag, forfattarorganisasjonar, UD og ambassadane. Eg har alt eit sterkt inntrykk av at desse har stor respekt for det arbeidet NORLA gjer, og samtidig store forventningar til kva NORLA kan oppnå framover. Det er inspirerande! Eg deltok på Salon du Livre i Paris i mars, og opplevde den flotte mottakinga av dei 40 nordiske forfattarane som var invitert til den nordiske satsinga på bokmessa. Det lovar godt for norsk litteratur i Frankrike."

– Hva ser du som dine største utfordringer i arbeidet for å spre norsk litteratur?

 

"Med tanke på at vi har ein svært god litteratur i Norge, av både skjønnlitteratur, sakprosa og barne- og ungdomslitteratur, med stor breidd, kvalitet og evne til å nå lesarane, ser eg store moglegheiter for å få bøkene over landegrensene. Det aukande talet på kontraktar og tildelt støtte til omsetjing er ein trend over fleire år. Men store satsingar krev oppfølging. Utfordringa er å ha nok ressursar til å heile tida kunne fokusere på dei langsiktige måla."

– Det kan virke som om norsk litteratur er i vinden internasjonalt – er det riktig? Og i så fall: hvorfor tror du det er slik?

"Det er riktig, norsk litteratur er svært god, og den blir oppdaga ute i langt større grad no enn for ein del år sidan. NORLA har arbeidd med dette sidan opprettinga for meir enn tretti år sidan, og nyt godt av at staten driv ein bevisst litteraturpolitikk. Mange forlag har i dag eit godt og profesjonelt apparat for å selje forfattarane sine til andre språk. Og mange av omsetjarane i våre nettverk er eldsjeler som heile tida arbeider for å synleggjere norsk litteratur. Det viktigaste er sjølvsagt bøkene og forfattarane. Norsk litteratur er framfor alt prega av kvalitet og breidd, og ut frå dette har det kome mange eineståande forfattarskapar. Når desse slår an ute, og blir omsett til mange språk, skapar det igjen auka interesse for norsk litteratur, og fleire blir aktuelle for utlandet. Både lesarane der ute og redaktørane som vel ut titlane i forlaga forventar at det kjem gode bøker frå Norge."

 

BILDET: Foran fra venstre: Oliver Møystad, Andrine Pollen, Per Øystein Roland, Dina Roll-Hansen. Bak fra venstre: Torill Johansen, Mette Børja, Margit Walsø. (Ingrid Overwien var ikke til stede da bildet ble tatt). Foto: Xiaofei Chen