Note om Hødnebø

Det er ei stor hending når Tone Hødenbø kjem med nytt. I dag får vi eit dikt. Bøker frå henne bruker tid til å komme….

© Kolon Forlag

Det er ei stor hending når Tone Hødenbø kjem med nytt. I dag får vi eit dikt. Bøker frå henne bruker tid til å komme. Men når dei først er der, gjennom Hødnebø, då er det godt. Og meir enn det kan ikkje denne lesaren seie om lyrikken til Hødnebø – det vil nok alltid komme til kort. På tjue år – frå debuten i 1989 til den siste samlinga frå 2008, har Hødnebø gitt ut åtte bøker. Ein av desse er gjendiktning av Emily Dickinsons dikt, og ein annan poetikken Skamfulle Pompeii.Blant prisane ho har fått for forfattarskapen sin eller einskilde bøker, er Tanums kvinnestipend, Den norske Lyrikklubbens pris, Sult-prisen og Doblougprisen.Ved sia av eigen skriving, har Hødnebø jobba med språk på eit uttall andre måtar. Ho var medlem i Det litterære Råd frå 2006-2009, har jobba som lærer ved Skrivekunstakademiet i Hordaland, og var ad.professor ved Litterær Gestaltning i Gøteborg. På den måten har Hødnebø hatt nærkontakt med både etablerte forfattarar og forfattarskap, og det nye og unge. Og apropos det nye, så var Hødnebø også eit tidleg redaksjonsmedlem i tidsskriftet Vagant. Vagant var blant dei som feira Hødnebø då ho var Festspeldiktar i Bergen i 2007. Litteraturvitararen og forfattaren Steffan Søderblom skreiv og foreleste om Hødnebø då. Det er festspelveke i Bergen no, og stor aktivitet i Norsk Forfattersenters lokaler på Litteraturhuset. Heng det ikkje ein plakat der, ein med bilete av Tone Hødnebø, det same biletet som heng ved denne teksten?