NTNUs litteraturpris 2023 til Carl Frode Tiller

Årets vinner av NTNUs litteraturpris er forfattar Carl Frode Tiller for romanen Flukt (2021). Pristildelinga og bokbad med vinnaren skjer tysdag 7. november, på Litteraturhuset i Trondheim.

Kjelde: https://nyheter.ntnu.no/3988/

I juryens grunngjeving heiter det blant anna:

«Å skape eit litterært verk som speler på dei mest klassiske motiva i kulturhistoria, samtidig som det utfordrar den konvensjonelle romanforma på ein så dristig, men samtidig litterært elegant måte, er ein stor prestasjon. Flukt er ei suveren bok om eksistensiell smerte kvar av oss kjenner på. Ei forteljing om sårbarheit, fortviling og den desperate trongen til kjærleik og anerkjenning som den universelle menneskelege erfaringa.»

Målet med NTNUs litteraturpris er å synleggjere og utvikle litterær verksemd knytt til Trøndelag. Prisen går til eit norskspråkleg verk av ein nolevande forfattar med tilknyting til regionen.

Carl Frode Tiller (f. 1970) bur i Trondheim. Han debuterte som forfattar i 2001 med romanen Skråninga, som han blant anna fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris og P2-lytteranes romanpris for, og som blei nominert til Brageprisen. Tiller har gitt ut fleire kritikarroste romanar og vunne fleire prisar.  I tillegg har Tiller skrive blant anna teaterstykke, noveller og kortprosa for ulike aviser, tidsskrift og antologiar. Carl Frode Tillers romanar er selde til 19 land, seinast Spania og USA.

Tildelinga av NTNUs litteraturpris skjer tysdag 7. november kl. 19:00 på Litteraturhuset i Trondheim. Anne Kristine Børresen, dekan ved Det humanistiske fakultetet deler ut prisen, før ein samtale mellom prisvinnaren Carl Frode Tiller og juryleiar Karolina Drozdowska.

Juryen sin grunngjeving

Familierelasjonar, død og sorg er kanskje nokre av dei mest klassiske motiva som blir tekne opp av skjønnlitteratur, og ein skulle kanskje tru at det er vanskeleg å snakke om dei på ein original eller nyskapande måte. Men Flukt av Carl Frode Tiller er ein roman som overraskar og utfordrar lesaren. Boka tek utgangspunkt i ganske konvensjonelle premissar: Elisabet og Sakarias har mista barnet sitt, Johannes. Sorga over han har komme mellom dei, og dei skal vere den første jula åleine. Men så byrjar det å skje noko uvanleg, både med sjølve forteljinga og korleis ho blir fortald. Plutseleg blir ein usikker på kven si stemme ein høyrer.

I forlaget si omtale av romanen heiter det at «Flukt […] strekk seg eit stykke utover det me til vanleg oppfattar som realisme». Denne setninga lovar mykje, og Tillers roman klarer å oppfylle dette løftet. Ved å manipulere forteljarstemmer og -perspektiv, og dessutan rommet og tida i romanen, skaper forfattaren ei stemning som framandgjer, liksom i ein draum, slik at det magiske begynner å sive inn i den elles realistiske forteljinga. Lesaren kan la seg forvirre av det grepet, men det er også dette som er poenget til romanen – for sorg og fortviling kan skape forvirring og framandgjering.

Flukt får vi eit innblikk i forholda mellom dei levande og dei døde, der også dei som har gått bort får si eiga stemme og sitt eige narrativ. Denne polyfone effekten fører lesaren nærare det umoglege svaret på dei evige spørsmåla: Kven er vi i møte med døden? Kva skjer med ein familie når eit barn plutseleg døyr? Er to menneske i stand til å finna nok kjærleik i seg sjølv og kvarandre til å vera saman etter eit tap som tvingar dei til å definere livet på nytt?

Flukt er ein roman om kommunikasjon som går i oppløysing, mellommenneskelege relasjonar og familieintrigar. Dette skriv Tiller meisterleg om i bok etter bok, noko som gjer Flukt til ein del av det store litterære prosjektet til forfattaren.

Å skape eit litterært verk som speler på dei mest klassiske motiva i kulturhistoria, samtidig som det utfordrar den konvensjonelle romanforma på ein så dristig, men samtidig litterært elegant måte, er ein stor prestasjon. Flukt er ei suveren bok om eksistensiell smerte kvar av oss kjenner på. Ei forteljing om sårbarheit, fortviling og den desperate trongen til kjærleik og anerkjenning som den universelle menneskelege erfaringa.

Samtidig utfordrar verket grensene for det vi vanlegvis forstår som ein moderne roman, noko som gjer Flukt til eit eineståande fenomen på den norske bokmarknaden dei siste åra.
Det er trygt å seie at Flukt stadfestar Tillers store internasjonale gjennombrot som forfattar av verdsklasse.