NTNU deler årleg ut ein litteraturpris for å synleggjere og utvikle litterær verksemd knytt til Trøndelag. NTNUs litteraturpris på kr 20 000 går til eit norskspråkleg verk av ein nolevande forfattar med tilknyting til regionen, og vekselvis til skjønn- og faglitteratur. I 2025 er det skjønnlitteratur som står for tur.
Sjå oversikt over tidlegare vinnare her
Marte Huke, med diktsamlinga «Los» fra 2023, er vinneren av litteraturprisen for 2025.
Juryen skriv at:
Tekstane i samlinga inviterer til openheit og undring, og utstråler ei overraskande varme og omsorg som gjer at verda kan kjennast trygg, sjølv med krig i Ukraina og koronapandemien.Huke skriv lyrikk om diktinga og foreldreskapen med eit usedvanleg overskot og ein kjærleg omtanke. Dikta i Los eleverer kvardagslege trivialitetar, for å vise at det eigentleg ikkje finst trivielle ting.
Huke vil ta imot NTNUs litteraturpris 5. november kl. 19:00 på Litteraturhuset i Trondheim. Terje Lohndal, dekan ved Det humanistiske fakultetet, deler ut prisen. Arrangementet er opent for alle.
Les meir her.