Aktuelt

Ny forfattarskule for skrivande med minoritetserfaring

Samlaget og Minotenk går saman om ny forfattarskule for skrivande med minoritetserfaring. Den nye forfattarskulen startar opp i januar 2022 med ti elevar.

Linda Noor, dagleg leiar i Minotenk, prosjektleiar Sigmund Løvåsen og Edmund Austigard, administrerande direktør i Samlaget.

Forlaget Samlaget og den minoritetspolitiske tenketanken Minotenk har saman oppretta Forfattarskulen for skrivande med minoritetserfaring. Dei er no på jakt etter søkarar frå heile landet. Søknadsfrist er 11. november 2021.

– Målet vårt er å løfte gode litterære stemmer med minoritetserfaring og gjere den nynorske litteraturen meir mangfaldig og representativ for samtida vår, seier Linda Noor, dagleg leiar i Minotenk.

– Med minoritet meiner vi her alle minoritetsgrupper. Det kan vere dei nasjonale minoritetane, samisk bakgrunn, fleirkulturell bakgrunn, seksuelle minoritetar, kjønnsminoritetar, folk med funksjonsnedsettelsar osv. Dette er inga utfyllande liste, seier prosjektleiar Sigmund Løvåsen.

Forfattarskulen er samlingsbasert og skal gå over eitt år. Mellom samlingane får elevane oppfølging av etablerte forfattarar.

– For at litteraturen skal spegle at vi lever i eit mangfaldig samfunn, meiner vi det er naudsynt med eit strukturelt tiltak som Forfattarskulen, seier Edmund Austigard, administrerande direktør i Samlaget.

Utover hausten blir det jobba med rekruttering, med mål om å få søkarar frå heile landet og frå ulike minoritetsgrupper.

– Litteratur er eit grunnstoff i samfunnet vårt, alle skal kunne kjenne seg att, og samstundes bli rikare av andre sine blikk, seier Austigard.

Forfattarskulen vil vere eit gratis tilbod til elevane. Alle over atten år som har minoritetserfaring, og som har eit ønske om å utvikle seg innan skrivekunst, kan søke. Arbeidsspråket ved skulen blir nynorsk.

– Det ligg ei sterk symbolsk og kulturell kraft i å foreine nynorsk og minoritetserfaringar, seier Linda Noor.

Sjå utlysing:

https://samlaget.no/blogs/forfattarskulen/utlysing-forfattarskulen-for-skrivande-med-minoritetserfaring

Forfattar og tidlegare DnF-leiar Sigmund Løvåsen er prosjektleiar for den nye skulen.

– Det finst mange skriveskular og skrivekurs allereie. Kvifor treng vi Forfattarskulen?

– Den blir oppretta ut frå eit ønske om at den nynorske litteraturen og den offentlege samtalen i større grad skal spegle det mangfaldige samfunnet vi er i 2021. Kven er det som fører samtidslitteraturen vår i pennen, kva for stemmer er det som sjeldan er til stades i eller bak bøkene? Det er spørsmål vi som arbeider med litteratur, heile tida må stille oss. Svaret på spørsmåla er denne gongen at vi treng eit tilbod spesielt retta mot enkelte grupper i befolkninga, seier Løvåsen.

– Kven kan søke?

– Alle over atten år som har minoritetserfaring, kan søke. Du må skrive eit brev der du fortel kven du er, kva bakgrunn du har, og kva som er motivasjonen for å søke. I tillegg må du sende mellom 5 og 10 sider skjønnlitterær tekst eller sakprosa på nynorsk. Og om du skulle vere nervøs for at nynorsken ikkje er perfekt: Det gjer ingen ting. Forfattarskulen skal vere open både for dei som har nynorsk som sitt skrivespråk i dag, og for dei som ønskjer å nytte nynorsk som sitt litterære språk frå no av. Ein inntakskomité vil vurdere søknadene og plukke ut ti elevar.

– Korleis skjer undervisninga?

– Vi skal ha fem helgesamlingar i løpet av året, der vi hentar inn nokre av våre fremste forfattarar som lærarar. I tillegg vil elevane få tildelt ein såkalla mentor, ein etablert forfattar som kan følgje dei opp mellom samlingane. Og alt vil vere gratis for elevane. Vi dekkjer også reise og opphald for dei som treng det.

– Blir ein forfattar av å gå på Forfattarskulen?

– Forfattarskulen kan vere eit viktig steg mot bokutgiving. Vi har ikkje som mål at alle skal bli forfattarar, men at alle skal utvikle seg som skrivande og lesande menneske. Somme blir forfattarar, andre ikkje. Men vi ønskjer å gi alle elevane fagleg påfyll, verktøy og litterært mot til å kunne gå ut i det offentlege rommet med eigne tekstar, enten det blir i bok, tidsskrift, på scenen eller i andre kanalar.

– Kva vil du seie til dei som er usikre på om dei skal sende inn søknad, eller om dette er noko som kan passe for dei?

– Send meg ein e-post (forfattarskulen@samlaget.no), så kan vi ta ein prat! Vi ønskjer så mange søknader som mogleg med eit breitt spekter av litterære uttrykk frå ei så mangfaldig søkargruppe som mogleg. Eg ser fram til å møte alle desse menneska gjennom søknadstekstar, og møte dei ti elevane siste helga i januar!