Ny ventetid

I påvente at dei første 2011-bøkene skal komme frå trykkeria, via journalistar, til spaltene, får vi for tida medierapportar frå andre land, eller andre sider…

undervann

I påvente at dei første 2011-bøkene skal komme frå trykkeria, via journalistar, til spaltene, får vi for tida medierapportar frå andre land, eller andre sider av kultursektoren. Vi får vite at Augustpriset for 2010 gjekk til Sigrid Combüchen for boka "Spill. En damroman" (Norstedts). Frå Bergen får vi vite at det osloproduserte teaterstykket Blå Jakt gjer suksess på Den Nationale Scene. "Blå jakt" er eit sprekt barnestykke. Det hadde arbeidstittel FISK, og handlar om at fisk har kjensler. Vi fekk lese manus for historia for ei tid tilbake, og blei rørt av historia kor ei lita jente kjem i kontakt med livet under vatn, og blir kjent med fargerike fiskepersonligheiter.