Nynorsk litteraturpris til Brynjulf Jung Tjønn for “Kvit, norsk mann”.

Brynjulf Jung Tjønn får Nynorsk litteraturpris for boka “Kvit, norsk mann”.

Grunngjeving av juryen:

«(…) Sjeldan har ein jury vore så samstemte, aldri har vel eit jurymøte vore så kort. I møtet med desse dikta, eller skal vi seie dette lange diktet har vi kjent på den universelle gysande menneskelege erkjenninga, det som kan skje i møtet mellom tekst og individ når teksten leitar seg fram og finn omgåande feste. Og det rare, ei mellommenneskeleg erkjenning, sjølv om temaet det blir skrive om, ikkje er noko dei fleste av oss kan direkte kjenne oss att i. Likevel snakkar det til oss. Fordi vi kjenner oss att i menneska forfattaren har møtt på vegen. Ein som las dikta, sa «Eg fekk ei merkeleg form for dårleg samvit slik at eg ikkje kunne legge boka frå meg før eg hadde lese alt. Eg sat att med forståing, innsikt og ei kjensle av skam».

Diktsamlingar har generelt ikkje gode utsikter til å bli lesne i dette landet. Når i tillegg avgangselevar på vidaregåande skule skal analysere dikt til eksamen skrive av statstilsette byråkratar, så kan vi i sanning miste motet på lyrikken sine vegner. Men då er det at ein får ei diktsamling mellom hendene som ikkje krev mykje lesetrening, som ikkje har rare metaforar, men som likevel skriv seg inn i sansane våre frå første side. Om tilhøyrsle, utanforskap, identitet, eit midt-i-mellomliv ein sjølv aldri har bede om, men som ein likevel blir forventa å vere takksam for. For kor går eigentleg grensene mellom rasisme og oppriktig velmeint nysgjerrigheit når vi spør kor nokon eigentleg kjem frå? Kor kjem det frå at adoptivbarn bør kjenne på utelukkande stor glede over å ha fått «eit godt liv»? Når er det iveren vår etter å forstå, bikkar over frå velmeinande nysgjerrigheit til rein dumskap? Fleire som les denne boka, vil få nokre ubehagelege møte med eige tankegods. Det er nødvendig.

Kva kan vi bruke lyrikken til? Mykje. Men i dette tilfellet og ved hjelp av denne boka, kan lyrikken generelt og tematikken spesielt brukast til å ta eit oppgjer med seg sjølv og eigne haldningar, til samtale i skulen og lesesirklar. Men også for å hjelpe adoptivforeldre, lærarar og folk som arbeider med barn og unge, til å setje seg inn i ein kvardag ein ikkje sjølv har kjent på kroppen. Ikkje berre det, denne boka gir oss ei stor lesaroppleving i kraft av seg sjølv. Eit presist språk strippa for utmalande setningar. Og det er ei viktig og nødvendig bok som vil bli ståande i lang tid. Forfattaren sjølv skriv på slutten: «(…) ein dag vil oldebarna mine lese denne boka, ein dag vil tippoldebarna mine lese denne boka». Og det er vi ikkje i tvil om at dei vil.

Nynorsk litteraturpris for 2022 går til Brynjulf Jung Tjønn og diktsamlinga Kvit, norsk mann.»

Det er Det Norske Samlaget, Det Norske Teatret og Noregs Mållag som står bak Nynorsk litteraturpris. Prisen vart delt ut fyrste gong i 1982 og er eit diplom og 50 000 kroner. Juryen i år har vore Carl Morten Amundsen, Margit Walsø og Mariann Schjeide.

Kan være et bilde av 1 person og tekst