Nynorsk litteraturpris til Sigrun Slapgard

Prisen vart delt ut ved opninga av landsmøtet til Noregs Mållag. Dei som står bak prisen er Det Norske Teatret, Det Norske Samlaget og Noregs…

sigrun_slapgard

Prisen vart delt ut ved opninga av landsmøtet til Noregs Mållag. Dei som står bak prisen er Det Norske Teatret, Det Norske Samlaget og Noregs Mållag. Prisen har vore delt ut sidan 1982 og er på 30 000 kroner.

Grunngjevinga frå juryen:

Nynorsk litteraturpris 2013 går til Sigrun Slapgard for romanen ”Englestien”. Romanen som er ein frittståande oppfølgjar av den fyrste romanen hennar ”Paradishagen”, er ein sterk og vakker roman om barndom, familie, kjærleik og sorg og om å måtte sjå i auga det ein fryktar mest. Å ikkje tørre å ta farvel, men likevel å måtte ta farvel.

Når veslebror til dokumentarfilmregissør Julie Dalgård, ”ekspert på verkelegheitsflukt”
blir dødssjuk, tek ho han med på ein fjelltur langs Englestien på ei vandring i deira felles
barndom for å gi han kraft til å ri av sjukdomen. Sidan barndomen har turar i fjellet vore ein måte for dei to å skape seg fridom på og å koma seg vekk frå det som er tungt og vanskeleg (moras død, farens sjukdom, ungane som vart skilt frå kvarandre).

Syskena har lagt ut på ekspedisjonar i rolla som Nansen og Hjalmar, sett inn i flammene i varmande bål og dikta fantastiske historier før dei har vandra vidare og halde seg i humør med banneord, som har gitt både styrke og samkjensle. Når dei no i vaksen alder legg ut på ein tur til barndomstraktene og går Englestien saman, blir det tydeleg at dei to har kvar si historie, og at minna deira ikkje er like. Broren vil vite ting som Julie har lagt lokk på, og som i stor grad rører ved det ho fryktar mest og nektar å innsjå; at veslebror hennar skal dø og at reisa til barndomens rike for han handlar om å finne mot til å gå ut av tida; ikkje til å bli i henne.

I eit dialektnært, opent og assosiativt språk beveger handlinga i romanen seg mellom fortid og notid, forskjellige tidslinjer blir vevd saman og grip inn i kvarandre. Sigrun Slapgard er ein kunstnar i å utelate. Romanen antyder i mykje større grad enn den utbroderar. Og det er dette som er romanens styrke, og som gjer karakterane så ekte og historia så sterk. Vi får berre ei flik av sanninga, slik som i røynda, og nett difor held ho oss slik i bann. I stor grad er tema i romanen at orda forsvinn når dei verkeleg er naudsynte, at eit inderleg ønskje om å kommunisere ikkje gjer orda lettare tilgjengeleg, snarare tvert i mot.

Juryen er Ragnar Hovland, Ove Eide og Mari Moen.