Nytt dikt frå Hjemås

Smelting av dei store ismassane er meir enn berre eit symptom på klimaendringar. At isbjørnar døyr er eit direkte tap. Trugselen av dette, har fått…

Rune F. Hjemås © METTE KARLSVIK, 2008

Smelting av dei store ismassane er meir enn berre eit symptom på klimaendringar. At isbjørnar døyr er eit direkte tap. Trugselen av dette, har fått eit lite lag av bokfolk til å tenkje nokre steg fram i tid. Og att i tid. På eit tidspunkt vart isbjørnen symbolet for styrke, råskap, tilpassing. Isbjørnen har holdt ut over uendelege strekk i dei mest ekstreme tilhøve. Men møter oftare og oftare overmannen – issmeltinga. Då fotogfaf Marcel Leliënhof, formgjevar Torgeir Hjelteland, Magikon Forlag og WWF no lagar antologi med tekst og bilde om denne kvite bjørnen, var klimainteressert poet og forfattar Rune F. Hjemås lett å be om bidrag. Dette diktet var opphaveleg på engelsk, for antologien, men er omsett, av diktaren, for DnFs diktstafett. Boka hadde arbeidstittelen The last polar bear, men kjem  etter planen ut under tittelen White Bear i desember 2013, med Svein Størksen som forlagsredaktør, underteknande som tekstredaktør, og tekstbidrag frå forfattarar frå inn og utland, som Hilde Myklebust, Hege Siri og ordførar i Reykjavik, Jon Gnarr.