Aktuelt

Nytt DnF-medlem: Aina Basso

  Aina Basso (f. 1979) er utdanna historikar, og har skrive fire historiske romanar. Alle kan dei lesest av vaksne, men to av dei har…

aina_ein

 

Aina Basso (f. 1979) er utdanna historikar, og har skrive fire historiske romanar. Alle kan dei lesest av vaksne, men to av dei har likevel fått merkelappen «ungdomsroman». Kan ein snu på dette, og tenkje at ungdom kan lese vaksenromanane hennar, Finne ly og Fange 59. Taterpige? 

– Eg trur ikkje ungdommar alltid skjønnar sjangeren. Alle skiljer ikkje godt mellom historie og skjønnlitteratur. Dei trur på det dei les.

 

Sjølv vil historikaren Basso vere så etterretteleg og så fagleg sterk at romanane hennar kan bli trudd. At dei nesten kan bli leste som sakprosa. Men:

 

– For å sitere Fløgstad: Det er romanar.

 

Aina Basso er frå Giske på Sunnmøre, tok vidaregåande i Ålesund, og utdanna seg til historikar ved NTNU i Trondheim. No er ho forfattar på heiltid, frå heimekontor på Torshov. Vegen frå Giske til forfattarliv på Torshov, forklarar ho slik:

– Eg ville bli noko spennande, og såg meg om etter kule fag. Det var då eg gjekk musikklinja på VGS, dette, seier Basso, som var vokalist i eit band på skulen.

– Eg ville lære meg å spele strupesang. Så byrja eg å tenkje i retning av det historiske. Eg kom i tankar av arkeologi, og snakka med nokon som hadde studert arkeologi før. Dei meinte at det var rett å ta historie. Men eg lærte også at ryggen får svi mykje når ein er i felten, som arkeolog.

 

Historiske romanar er når forfattaren nyttar seg av den litterære verktøykassa for å formidle det faktiske stoffet. Når Thorvald Steens kjelder ikkje kan fortelje meir om Snorre Sturlasson eller Sigurd Jordsalfare, då tar forfattaren til empatien. Han fyller historiehola med det som er sannsynleg. At Jon Michelets bøker om krigsseilarane var øvst på bestselgjarlistene i nesten to år, viser at lesarar liker godt formidla, faktisk historie.

STERKE HISTORIER KAN BLI FOR STERKE.

Kjartan Fløgstad dramatiserer og fargelegg historia om Grense Jacobselv. Men då Fløgstad ikkje oppgav til kjeldene som han hentar faktastoffet om Grense Jacobselv frå, endte historieformidlinga i ein samtale om etikk. Må også den historiske romanforfattaren bruke eit noteapparat for å kredittere kjeldene sine? Nei, sa Fløgstad, som meiner at oppgåva hans først og framst er å fortelje ei god historie – på mest muleg effektiv måte.

Då Dag Solstad tok ein meir prosaisk vending, med ei nesten arkivarisk ramsing av slektshistorie i Det uoppløselige element i Telmark i perioden 1591 til 1896, vart også det slakta.

 

Bråk kan det også blir om forteljinga er for saftig og fengande. Røynda er full av sterke historier! Det finnst historiar så dramatiske at dei ikkje treng vidare dramatisering, og dei som er så fargerike at dei ikkje treng fargelegging. Det finnst også tema som kunstnarar av etiske grunnar blir frårådde å dramatisere vidare. Sterke historier kan bli for sterke. Eit døme på diskurs rundt dette, er kunst basert på hendingane rundt 22. juli. In cold blood av Truman Capote skildrar ei sterk – og faktisk – historie på ein sterk måte. Så sterkt at det i foredrag i journalistikk ved Universitetet i Bergen vart spurd om ikkje boka skulle hatt merkelapp fiksjon, ikkje non-fiction.

 

Aina Bassos hovudfagsoppgåve i historie var grunnlaget for ungdomsromanen Ingen må vite (Samlaget, 2008). Alle fire bøkene hennar er basert på historiske dokument. Den første boka har handlinga si sett i ei norsk kystbygd, og handlar om overgrep. Det handlar også om det å bli med barn som følgje av dette, og prosessen, i samfunnet, etterpå. 

– Du skildrar overgrep. Stilen din er nøktern. For meg gjer den sagaaktige forteljarstilen historia særleg sterk. 

– Eg er alltid forsiktig når eg sjølv er i skulane med Ingen må vite. Eg kjenner alltid på det at det kan sitje elevar i rommet som har opplevd valdtekt sjølv. Men eg trur at det kan vere litt lettare med den boka fordi det er så langt attende. På den måten kan det vere ein grei inngang til det å snakke om overgrep. Dette er ting som jenter opplever i andre land enn Noreg. Dei blir dømte for å bli valdtekne og gravide utanfor ekteskapet.

 

Fange 59. Taterpige er sett i 1750, og er om ei romanijente som må vere i tukthus. Inn i elden går heilt attende til 1600-talet, til Finnmark, og til hekseprosessane som der skjedde. Boka er meldt på som ungdomsbok, men er ei sterk skildring av overgrep. Boka vart nominert til Nordisk Råds Litteraturpris i kategori Barne – og ungdomsbøker. Det handlar ein del om kvinnesyn, om offer-omgrep, og Hekseprosessen. 

– Korleis vel og finn du tema dine?

– Eg skriv først og framst det eg har lyst til å skrive. Det byrjar gjerne med at eg kan eit stoff, eller kjem over eit stoff. Eg researchar meir derfrå.

– Har bøkene dine nokon gong blitt brukt som sakprosa?

– Det er romanar. Men eg prøver å skrive historisk korrekt. Det grunnleggande skal vere på plass. Det gjeld på det meste. Men eg har ikkje levd på den tida. Alle kan gå glipp av små detaljar. Ein kan gløyme å sjekke kva bestikk som blir brukt, og så vidare. Men ein har nokre stader og måtar å gjere rede for metodar og produktet.

– Kva kjelder bruker du?

– Eg har sparsomme kjelder. Men fordelen min er at eg har studert historie. Eg les mykje forskning som er gjort på tema og tida. Eg les mykje ulike bøker om alt frå byggeskikk til kaffiens historie: Alt som kan vere relevant. Bøker om klesdrakt, litteratur om den tida, og frå den tida.

– Har du opplevd at historikarar og forfattarar står mot kvarandre?

– Eg har inntrykk av at nokre historikarar les meg, men eg har ikkje hatt nokon store problemsaker med nokon av dei. Men det kan vere umuleg for meg å oppdage det. For meg er det ikkje ei konflikt. Men det er fordi eg er historikar sjølv.

 

Forfattaren Basso kan instistere på den kunstnariske fridomen til å skape eit godt verk; ein roman som formidlar optimalt. Historikaren Basso kan klage på forfattaren som ikkje er etterretteleg nok i høve historiske fakta. Kven av dei er ho mest?

– Eg måtte gå inn i meg sjølv. Eg spurde: Skal historikaren vinne, eller skal romanforfattaren vinne? Når forfattaren vinn, blir prosaen meir rein. Det skjønnlitterære er ein stor ressurs.

– Du er ein kvalifisert lesar av historiske romanar, som les med alle desse perspektiva present. Men kva med ein yngre lesar, med ein som ikkje er sjangermedviten på den måten, og kanskje ikkje tenkjer på sklijet mellom disiplinane: Er det heilt greitt å gi dei ei slik hybridbok?

– Eg trur at ungdomsskule – og VGS-elevar ofte trur på det dei leser. Men det vi kan lære dei er at dei skal sjekke ting. Vi kan kan lære dei kjeldekritikk:

 

I den fjerde og hittil siste boka si er Basso attende til romanifolket. Men no er ho nærmare sin eigen tid. Staden er Finnskogen, eit område med bygder som blir stressa då fleire og fleire reisande kjem, og blir for ei stund.

– Eg ville sjå på kva framandfrykt og fordommar gjer med folk.

– Er boka ein allegori på det som skjer i til dømes Oslo, i dag, med romfolk-debatten?

–Eg er ikkje heilt likegyldig til det som skjer i dag. Men det er ikkje fordi eg vil seie noko om vår eigen tid at eg skriv denne boka. Det er berre umuleg at det ikkje blir parallellar. 

Teksten er ein bearbeidd og kutta utgåve av den som var publisert på Kopinors lærarportal Fabelaktig Formidling.