Oda Malmin er ny politisk rådgivar i DnF

For ein periode denne våren er DnF-medlem Oda Malmin engasjert som politisk rådgivar for foreininga, i første omgang for å arbeida med stortingsmeldinga Kunstnarkår.

Foto: Oda Berby

Gratulerer med engasjementet som politisk rådgivar for DnF! Til dei som ikkje veit det, kven er du?

Takk! Eg er frå Stavanger, har gitt ut to romanar og jobba som manusredaktør på Samlaget. Eg har òg jobba fleire år i politikken for AUF og Arbeidarpartiet. Fram til august 2022 var eg politisk rådgivar for kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.

Du har gitt ut to romanar på Aschehoug, kan du seia litt om korleis dei vart til, og kva som inspirerte deg til å skriva dei?

Den fyrste boka, Steinauge (2018), sprang ut av eit bilde. Eg førestilte meg ei kvinne som stod oppå eit steingjerde på Jæren, og blei nysgjerrig på kven ho var. Eg hadde òg lyst til å skriva om vennskap, og kva som skal til for å setta det på prøve, etter mange år og eit langt liv. Den andre boka, Skinliv (2021), blei til fordi eg gjekk og grubla på kor nære me eigentleg er dei me bur tett på. Ramma er ein bygard i Oslo, der folka i romanen ser inn i livet til einannan gjennom vindauge og frå balkongar, førestiller seg kven dei andre er, men ikkje eigentleg kjenner kvarandre.

Kvifor ønskte du å bli forfattar?

Det er mange grunnar til det, sikkert både bevisste og ubevisste, men eg liker å prøva å setta ord på ting.

Du seier du har jobba som politisk rådgivar for Arbeidarpartiet, kva gjekk det ut på?

Då eg jobba for Anette Trettebergstuen, var eg vel ei slags høgre hand (eller venstre, som eg føretrekker) – eg prøvde å koordinera kalender, avtalar, media, kontakt med partiet og alt anna som ho dreiv med, og samtidig passa på at ho ikkje jobba seg i hel. Det var ikkje enkelt.

No er du engasjert som politisk rådgivar for DnF og skal i første omgang arbeida med stortingsmeldinga Kunstnarkår. Kva dreier det seg om?

Eg skal prøva å bistå slik at me får synleggjort ordentleg for politikarane kva konsekvensar nokon av endringane dei drøftar i meldinga, faktisk har for norske forfattarar. Ein del av forslaga i meldinga er sjølvsagt positive, men eg fryktar at dei er i ferd med å øydelegga ein kunstpolitikk som har tent Noreg vel i mange tiår, og som blant anna har fått fram ein nobelprisvinnar i litteratur (Jon Fosse skal rett nok ha litt av æra sjølv òg).

På kva måte er kunstpolitikken me har i dag, utfordra i meldinga?

Poenget er at stipendpolitikken skal bidra til å få fram forfattarskap gjennom ordentlege arbeidsstipend som monnar, og syrgja for at det blir skrive – og dermed lese – bøker som kanskje elles ikkje ville klart seg i marknaden. No er det krefter som vil inn i stipendkomiteen for vaksen skjønnlitteratur med eit anna syn på kva kvalitet er, og kva stipenda er til for. Det er urovekkande. Ein bygger ikkje noko forfattarskap med 70 000 stipendkroner kvart femte år.

I tillegg fryktar politikarane at ordninga der dei ulike kunstnarorganisasjonane fungerer som sekretariat for stipendkomiteane, ikkje er transparent og etterprøvbar nok. Det kan henda det er tilfelle for nokon av dei minste organisasjonane, men slett ikkje alle. Det er som å kasta barnet ut med badevatnet:

Ein risikerer å øydelegga eit system som har fungert svært godt i lang tid, i iveren etter å visa handlekraft. Det håper eg me klarer å overtyda dei om at er ein dårleg idé. Det finst andre, mindre inngripande løysingar.

Blir det tid til å skriva på noko eige også?

Ja, for eg var ein av dei heldige som fekk stipend i fjor, og det til og med utan å vera medlem av DnF! Så mykje av tida mi går til å skriva ein tredje roman, som veks seg større og meir uhandterleg kvar gong eg kikkar vekk eit augeblikk. I tillegg held eg på med eit sakprosaprosjekt.