Oddmund Hagen må bare gå seg ein tur

Når Oddmund Hagen får litt å tenkje på, då går han seg ein tur. Forfattaren må ofte gjere det når han les bøker som ein…

Når Oddmund Hagen får litt å tenkje på, då går han seg ein tur. Forfattaren må ofte gjere det når han les bøker som ein del av jobben i Det litterære råd.


– Du byrjar romanen Utmark med tre setningar utan å vise kor synsvinkelen ligg. ”Veit ikkje. Må berre reise. Kan ikkje vere her lenger, må reise bort.” Det kan virke på meg som at sjølve fortellarposisjonen her blir mytologisert. Handlar det om det å fortelje?

– Eg har valgt andrepersonsforteljaren gjennom heile forfattarskapen min. Det eg prøver på, er å komme i ein posisjon kor eg som forfattar kan skape ein avstand til meg sjølv, og går i dialog med ei anna side ved meg sjølv, meg sjølv som fiksjon.

– Eg forstår deg – ut i frå etterordet for denne trilogien – at litteraturen er i grenselandet mellom dei to personane som forfattaren kan vere: den faktiske, den fiktive. Du-forteljaren er vel også ein grenseposisjon. Kva tenkjer du om det?

– Stoffet mitt ligg ofte nært opp til min eigen biografi. Med å velje du-forteljar skapar eg ein avstand. Det fristiller meg som forfattar.

– Du-forteljaren kan også dra lesaren inn i stoffet ditt. Det er nesten suggerande. Eg kjem til å tenkje på Elias Canettis Masse und Macht, kor han, om eg ikkje hugsar feil, skriv om massesuggesjon. Du siterar Canetti i fleire bøker, som pocketutgåva av den siste triologien din, og i dei einskilde bøkene, i førsteutgivelsane. Er det ein samanheng mellom det du skriv, og Canetti?

– Eg har høyrd andre nemne Canetti også, i samband med mine verk. Dessutan har eg alltid hatt sansen for Canettis sjølvbiografiske prosjekt frå eg las han tilbake på 1980-talet, på svensk, for han var enda ikkje utgitt på norsk.

– Lesaren blir på sett og vis tvungen til å identifisere seg med stoffet ditt.

– Det gjer eg med vilje. Lesaren slepp ikkje unna, men må forholde seg til det som eg skriv.

– Trur du at lesaren din blir provosert av du-forma?

– Eg er min eigen lesar. Det som fungerar for meg, fungerar nok for andre også.

– Du skreiv dikt, og du skreiv meir streit prosa i romanar. Dei siste, tre romanane dine har vore av ganske lyrisk prosa, med lange setninger, rytme og musikalitet.

– Ja, og eg skreiv ei heil langnovelle i ei setning, i Flukt. Noko losna for meg på 1990-talet. Eg skreiv eit par romanar på -80-talet, frå krigen, frå plassen kor eg kjem frå. Der er språket annleis enn det eg seinare fann fram til. Eg måtte runde førti, sirka, før eg fann den forma som var rett for meg.

– Som medlem i DLR og formann for Kulturrådets prosautval har du lese mykje, fulgt nokre forfattarskap over tid, og sett ulike modenheitsnivå hos forfattarar. Og utveklinga av dei. Kva slags modenheit skal ein kunne forvente av ein skrivande før han kan kallast forfattar?

– Eg har sett forfattarar som var fullt utvekla frå debutboka. Carl Frode Tiller, Thure Erik Lund er døme på slike forfattarar. Andre treng fleire bøker før dei er på plass.

– Rådsarbeidet er hardt arbeid. Og de er støtt og stadig gjenstand for kjensleutbrot og desslike. Kva motiverar deg til jobben?

– Ja, det er mykje arbeid. Men det er betalt. For meg betyr denne jobben at eg slepp ei heil stilling i skuleverket.

– Du er lektor. Det kan vere ei ”streng rolle”, som ein som må seie i frå når nokon må skjerpe seg. Går det an å dra veksler på rådsarbeidet? Må også de i Rådet seie i frå til nokon – til forfattarar eller forlag – om når bøker ikkje er bra nok?

– Det er ikkje akkurat konsulentarbeid. Vi i rådet skal ikkje blande oss opp i arbeidet som forlaga legg ned i bøker. Det blir kanskje meir tydeleg forlagsrelevant når bøker blir nulla. Då eg satt i prosautvalet i Kulturrådet var eg med på å nulle ein del bøker. Det er upopulært hos forlaga.

– Femten – seksten år med lesing. Blir du lei?

– Ja. Men det er ein skule.

– Klarar du å skrive noko sjølv mens du sitt i rådet?

– Eg treng konsentrasjon for å skrive. Mens eg sitt i rådet klarar eg ikkje å skrive samstundes. Eg må legge det til side, vente litt, og så komme inn i skrivinga mi.

– Klarar du så skrive noko sjølv – etter at du har sittet i rådet? Eg tenkjer då terskelen for å skrive, etter så mange år med lesing og vurdering; får du ein aversjon, ei skrivesperre, eller annan form for ”yrkesskade”?

– Det går greitt. Når eg først sett meg for å skrive, kjem teksten til av seg sjølv. Det har eg også skrive litt om i det etterordet som du nemner.

– Du har mellom anna skrive i etterordet: Det merkelege er at språket både i novellene og i romanane kjem av seg sjølv, det er ferdig forma i ein eller annan indre prosess, og når eg begynner å skrive, glir alt på plass utan særleg motstand.

– Ja, det å skrive er som å vere i eit ras. Du må berre følgje med dit skrifta fører deg.

– Har du oversikt over norsk samtidslitteratur?

– Det får ein sjølvsagt. Men full og heil oversikt er vanskeleg. Det gis ut mange bøker i landet.

– For mange?

– Det blir gitt ut nokre likegyldige bøker

– Kva er ei likegyldig bok?

– Det er sjølvsagt ein subjektiv ting. Nokre bøker er eg likesæl til. Nokre bøker angår meg ikkje.

– Kva bøker er du ikkje likegyldig til?

– Bøker som får meg til å ta ei lesepause, som gjer at eg må opp og gå meg ein tur.

– Blir det ein del gåing?

– Det blir ein del gåing!

– Er du slik på rådsmøte også, slik at du må reise deg og gå ein tur når de er inne på ting som brenn, vanskelege avgjersler, store tema?

– På rådsmøte sitt vi i ro! Diskusjonen står i fokus. Der har vi mulegheit til å belyse ei bok frå fleire vinklar.

– Du har vore i DLR i to periodar. Dette er det siste året av den siste perioden din. Viss du skulle få sjansen til å sitje i rådet igjen, ville du gjere det?

– Eg kjenner det vel som at eg har gjort min verneplikt no.

– Verneplikt, altså?

– Ja, det er eit pliktarbeid, som eg gjer fordi eg er medlem i DnF og gjerne vil stille opp.

– … stille opp og dele av den kompetansen som du har bygd opp gjennom mange år som medlem i diverse råd og utval, og som litteraturkritikar for Dag og Tid. Er du ein streng lesar?

– Eg har ein respekt for dei som skriv.

– Men likevel avviser de nokre medlemsskapssøknadar og nullar nokre bøker. Det finnst dei som meiner Rådet ”har øydelagd livet deira” ved å avvise dei. Kva tenkjer du om slike fråsegn?

– Rådet har eit stort ansvar. Men ansvaret går på eit vis begge vegar. Dei som søker medlemsskap og stipend veit at det er selektivitet, og at dei skal bli vurdert. Dei veit noko om kva krav som blir lagt til grunn. Dei har eit ansvar for ikkje å søke med mindre dei har noko å vise til.

– Eller viss dei ”veit” at dei ikkje tåler eit avslag, kanskje? Men er det så sikkert at dagens system og dynamikk mellom DLR, styret og staten er det rette? Kva tykker du om forslaget om å ha med folk i Rådet som ikkje er i DnF, kanskje ikkje eingong forfattarar, men litteraturvitarar eller kritikarra?

– Det litterære Råd tilhøyrer DnF.

– Og slik har det vore siden stiftelsesmøtet i 1893. Kvifor er det så stor motstand mot å sjå på andre krinsløp og system?

– Ting har endra seg sidan 1893. Mellom anna har foreninga splitta seg til to foreningar: Ei for skjønnlitterære og ei for sakprosaiske forfattarar. Vi i DLR fekk i fjor søknadar frå to sakprosaforfattarar. Det blei avvist.

– I ei reportasje i Prosa #3/ 2011 uttrykte medlem i NFFs frilansutval n frustrasjon over at arbeidsstipenda til NFF i stor grad går på rundgang. Ho ønska at nokre stipend skulle gå på ”repeat” – for å utvekle forfattarskap. DnF har forsøkt, og lykkes med å utvikle nokre forfatterskap. Likevel kjem kritikk mot denne repetisjonen av stipend. Kva tenkjer du om dette?

– Om at nokre forfattarar har klippekort på arbeidsstipend? Eg trur at det bør vere slik at dei beste forfattarane får sikra relativt trygge arbeidsforhold.

– Kan ein bruke omgrepet ”rettferdigheit” i samband med kunst?

– Nei. Sjølvsagt ønsker alle å få stipend. Men det er trangt. Mange gode går framfor andre i køa. Yngre har fått gode villkår, med øyremerka middel som går til yngre og uetablerte forfattarar. Samtidig er det hos dei ein utålmodigheit.

– Anne Oterholm skreiv i april ein leiarartikkel på denne nettsida: “Det er ikke sikkert det er riktig at toboksforfattere skal få arbeidsstipend. Det kan i hvert fall diskuteres. Da jeg debuterte, tenkte de færreste at de skulle få arbeidsstipend etter to bøker. Og det er ikke vanskelig å se at noen av de kvinnelige forfatterne som er kritiske til stipendtildelingene gjennom Rådet, trolig hadde fått arbeidsstipend med den endringen av aldersgrense Forfatterforeningen og Det litterære Råd alltid har ønsket. Forfatterne som sirkulerer i Rådet ser hvor skoen trykker, og de har hele tiden forsøkt å fjerne presset på foten.”. Du er utan tvil ein som har sirkulert i Rådet, og ser vel kor skoene trykkar. Kva hensyn er det å ta?

– Det er rett og slett ein kabal å legge, og mykje att og fram før vi har lagt han.

– Og brått slår det meg at det kanskje er Styret, ikkje DLR, som burde fått kjeft etter stipendtildelingsrunden: Styret har ansvaret for å drive inn økonomiske middel til foreningen. Hadde det vore endå fleire middel å forvalte, så ville fleire vore nøgde?

– Ja, det er klart. Men samtidig har vi ordningar her i landet som utanlandske kollegaer misunner oss. Å vere forfattar er eit val ein tar, og det inneber ein ustabil økonomi i periodar eller som tilstand.